Mostphotos
I innstillinga si frårår fylkeskommunedirektør Tron Bamrud eit slikt samarbeid på bakgrunn av ei tryggleiksvurdering.
Då saka blei behandla i fylkesutvalet fremja Mona Cicilie Stormoen (Ap) eit alternativt forslag på vegner av Ap, MGD og Høgre om å sjå på moglegheitene for eit avgrensa samarbeid. Vurderinga skal gjerast innanfor nasjonale føringar og i samarbeid med KS.
Dette forslaget fekk fleirtal i fylkesutvalet og var derfor innstillinga til fylkestinget då dei skulle behandle saka torsdag.
Vinnytsja vil bli vennskapsfylke
Fylkeskommunen har fått ein førespurnad om mogleg samarbeid med Vinnytsja oblast. Fylket har rundt 1,5 millionar innbyggjarar og har ein næringsstruktur der mellom anna landbruk og næringsmiddelindustri står sentralt. Det er fleire aktuelle faglege kontaktpunkt med Innlandet òg innan utdanning, kultur og samfunnsplanlegging.
I saksframlegget peikar Bamrud på at eit slikt samarbeid vil vere eit teikn på politisk og moralsk solidaritet med Ukraina. Han vurderer samtidig at risikoen for truslar mot fylkeskommunen som verksemd og mot involverte personar vil vere omfattande. Derfor meiner han fylkeskommunen ikkje bør inngå eit samarbeid slik situasjonen er no.
Politikarane ønskjer eit samarbeid
Fleire politikarar i fylkestinget meiner derimot det bør gå an å sjå på moglegheitene for eit avgrensa samarbeid digitalt eller i Noreg eller Norden. Dette må skje innanfor nasjonale føringar og i samarbeid med KS. Dei er òg tydelege på at eventuelle reiser skal vere i tråd med reiseråd frå Utanriksdepartementet.
Saka kom på sakskartet etter eit initiativ frå Stig Vaagan (V).
– Det eit no Ukraina og Noreg treng venner. Det er no vi treng samarbeid. Eg kjenner mange personleg som meiner det er viktig at vi kan sjå det dei kan tilby oss, ikkje berre kva dei kan få av oss, sa han.
– Vi har òg mykje å lære
Det siste var òg Jack Hatlen (uavhengig) og Framstegspartiet oppteken av. Hatlen fremja eit tilleggsforslag for å understreke endå tydelegare at Innlandet òg kan ha nytte av eit slikt samarbeid.
– Vi støttar innstillinga, men vi meiner at saka manglar eit heilt vesentleg element. Det er at vi har stor nytte av eit slikt samarbeid som fylke. Vi har mykje å lære om korleis vi skal få samfunnet til å fungere i ein krisesituasjon, sa Truls Gihlemoen (Frp) og heldt fram:
– Ein vennskap bør vere tosidig, og det ønskjer ukrainarane sjølv. Det er ikkje slik at dei berre ber om hjelp, men dei ønskjer òg å bidra tilbake med det dei har lært.
Politisk behandling
Både innstillinga og tilleggsforslaget blei einstemmig vedteke.
Les sakspapira PS 69/2026
Sjå debatten i fylkestinget