Ny tilskotsordning for lokal samfunnsutvikling

Fylkesutvalet vedtok tysdag å opprette ei ny tilskotsordning for lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane.

Fagernes sentrum sett fra Vesleøya med brua over Strandefjorden - Klikk for stort bildeNord-Aurdal er ein av kommunane som er med i bustadsutviklingsprosjektet som blir forlengt. Marit Thobiassen Strande

4 millionar kroner blir sette av til ordninga, som vil ha søknadsfrist 30. august 2024.

Dette skal vere tilskot til kommunar med langvarig og omfattande nedgang i folketal og sysselsetjing. Dei som kan søke på ordninga er kommunar i sentralitetsklasse 4, 5 og 6, altså dei minst sentrale kommunane i Innlandet. Både enkeltkommunar og samarbeidande kommunar kan søke.

Målet for ordninga er å auke attraktiviteten for busetjing og næringsliv og styrke kapasiteten kommunane har til å handtere situasjonen.

Bakgrunnen for ei slik ordning er at kommunane har mange utviklingsbehov, og tilskot frå ei slik ordning kan gi dei større handlingsrom for å jobbe med desse behova.

Kursing og bustadutvikling

I tillegg til den nye tilskotsordninga løyvde fylkesutvalet 750 000 kroner til to kurs. Kurset i prosessrettleiing kan alle distriktskommunane delta på. Internt opplæringstilbod innan samfunnsplanlegging er for tilsette i fylkeskommunen slik at dei kan gi betre rettleiing til kommunane.

Fylkesutvalet løyvde òg 500 000 kroner til å forlenge og utvide eit distriktsretta bustadutviklingsprosjekt. Prosjektet har halde på i to år og omfattar kommunane i Nord-Østerdal og Valdres. Det har vore stor interesse for å få delta i dette prosjektet frå andre distriktskommunar. Difor blir det sett av pengar til å føre vidare og utvide prosjektet.

Bustadutviklingsprosjektet er eit tiltak i handlingsplanen til Regional plan for det inkluderende Innlandet.

Tilskotsordninga og løyvinga til kursa og budstadutviklingsprosjektet blir finansiert av statlege middel til omstilling i område med sterk og langvarig nedgang i folketal og sysselsetjing.

Politisk behandling

Joakim Ekseth (H) fremja eit tilleggsforslag på vegner av H, Ap og MDG om at søknader frå samarbeidande kommunar som vil styrke den samla attraktiviteten til regionen gjennom utvikling av regionsentera, vil bli prioritert.

Olav Røssum (Sp) varsla at Senterpartiet ikkje ville støtte tilleggsforslaget.

– Det er mange distriktskommunar som ikkje nødvendigvis treng å styrke regionsentera sine som det viktigaste tiltaket dei har behov for, sa han.

Innstillinga frå fylkeskommunedirektøren vart samrøystes vedtatt.

Tilleggsforslaget fremja av Joakim Ekseth vart vedtatt med 10 mot 5 røyster.

Les sakspapira PS 75/2024