Anno Norsk utvandrermuseum i Stange.
Marit Thobiassen Strande
Av dette går 3 millionar kroner til ei tilskotsordning som aktørar på kulturfeltet, i næringslivet eller på andre fagområde kan søke på. Pengane skal brukast til små og store prosjekt som har migrasjon og identitet som tema.
Les meir om ordninga
Prosjekt og koordinering
1,8 millionar kroner er sette av til prosjektmidlar. Dette er prosjekt som allereie er under arbeid, der fylkeskommunen ønsker å ta ei aktiv rolle saman med ein ekstern partnar.
700 000 kroner er sette av til prosjektleiing. Desse pengane skal brukast for å følgje opp og koordinere dei ulike prosjekta på tvers av fagfelt og i samarbeid med eksterne aktørar, i tillegg til å forvalte tilskotsordninga.
200-årsmarkering
2025 er det 200 år sidan den store utvandringa til Nord-Amerika starta. Frå 1825 fram til andre verdskrigen var det over 800 000 nordmenn som forlét landet. Noreg var det landet etter Irland med flest utvandrarar sett i forhold til innbyggartal.
Året skal markerast i heile landet og har fått namnet Crossings 200. Hovudutval for kultur meiner det er naturleg at også Innlandet deltar i denne markeringa.
Saka vart samrøystes vedtatt.
Les sakspapira PS 32/2024