Gode tal for vidaregåande opplæring

81,2 % av dei som byrja på vidaregåande opplæring i Innlandet i 2019, har fullført og bestått.

Mostphotos

Dette er 0,8 prosentpoeng ned samanlikna med 2018-kullet.

Dette kjem fram i tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring i Innlandet fylkeskommune skuleåret 2025/26, som fylkestinget behandla onsdag.

Tal frå SSB

Tala for gjennomføring er henta frå SSB og viser gjennomføring på systemnivå.

Det betyr at SSB ser på kor stor del av elevane som har fullført vidaregåande opplæring i løpet av fem år for studieførebuande fag og seks år for yrkesfag.

Dei siste tala SSB har, er for kullet som byrja i vidaregåande opplæring i 2019.

Ganske likt som landsgjennomsnittet

Ein gjennomføringsgrad på 81,2 % er 0,6 prosentpoeng under landsgjennomsnittet når ein ser på studie- og yrkeskompetanse samla.

Ser vi på studie- og yrkeskompetanse kvar for seg, ligg elevane i Innlandet over landsgjennomsnittet på begge hovudretningane. 90,9 % gjennomførte studieførebuande, mot 90,8 på landsbasis. 72,4 % gjennomførte yrkesfag, mot 71,1 % i heile Noreg.

Gode tal for yrkesfag

Når det gjeld yrkesfaglege elevar, viser tala frå SSB at 80,2 % av elevane som gjekk ut frå Vg2 yrkesfag i 2025 hadde ordinær progresjon. Det betyr at dei gjekk rett vidare ut i lære eller Vg3 påbygg. Det er det høgaste som er målt i Innlandet nokon gong.

I 2025 blei det avlagt 2358 fag-, sveine- og kompetanseprøvar og 95,6 % bestod. Eitt år etter bestått fagbrev er 86,2 prosent i arbeid.

Dårlegare resultat frå grunnskulen

Sjølv om det er mykje bra, er det òg nokre utfordringar. Mellom anna går grunnskulepoenga ned. Grunnskulepoeng seier noko om kor mykje elevane har lært i barne- og ungdomsskulen.

I tillegg aukar andelen elevar som får fritak frå vurdering i fag på ungdomsskulen.

– Dette bekymrar meg. Det elevane har med seg frå grunnskulen har mykje å seie for korleis dei lykkast når dei skal byrje i den vidaregåande skulen. Det er nesten så eg synest det er overraskande at det går så bra med så mange, sa Marit Ophus (Frp).

Tettare samarbeid og krav til elevane

Både Ophus og fleire av dei andre politikarane ønskjer eit endå tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane.

– Samarbeidet med grunnskule og kommunar må styrkjast for at vi alle skal bli betre, sa Marit Sletten (Sp) og fortsatte:

– Vi må tore å stille krav til elevane. Vi må tore å utfordre den individualiseringa og rettsauken som skjer. Når elevane opplever utfordringar, er det endå viktigare at vi har tydelege krav, og at vi ikkje fjernar krava. Vi må ha robuste elevar. Det er godt for dei sjølv og det er godt for beredskapen og samfunnsbygginga, sa ho.

Mange stryk i matte

Ei anna utfordring er matematikkfaget. Dette er det faget flest stryk i. Samtidig er det stadig færre som vel fordjuping i realfag. Dette er ein nasjonal trend, og regjeringa har varsla ein ny strategi for realfag og teknologi i 2027.

Fylkestinget i Innlandet har allereie løyvd tre millionar kroner til eit realfagsløft. Dette løftet skal føre til at færre elevar stryk i matematikk og på sikt til at fleire vel realfag.

– Eg trur ikkje norske hjernar er dårlegare for matematikk enn andre lands hjernar. Vi må hjelpe elevane å takle motstand og ikkje gi opp, sa Stig Vaagan (V).

Færre blir mobba

På Vg1 har mobbetala gått ned frå 5,7 til 5,1 %. Dette er tal frå den årlege elevundersøkinga, og den er berre obligatoriske for elevar på Vg1.

Aud Hove (Sp) fremja eit tilleggsforslag om mobbing. Ho meinte at mobbetala for Vg2 og Vg3 òg burde vere med, og der var det ein auke. I tillegg meinte ho at det burde stå i vedtaket at det er store skilnader mellom skulane.

Politisk behandling

Forslaget fremja av Aud Hove fekk ikkje fleirtal og blei dermed ikkje vedteke.

Innstillinga frå fylkeskommunedirektør Tron Bamrud blei einstemmig vedteken.

Les sakspapira PS 53/2026

Les tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring i Innlandet fylkeskommune skoleåret 2025/26

Sjå debatten i fylkestinget

Sjå presentasjonar frå fagdag om vidaregåande opplæring, mellom anna med professor Thomas Nordahl

Dette seier elevane

Høyr kva nokre av elevane seier om korleis det er å vere elev på vidaregåande skule i Innlandet: