Det er litt av ein jobb å frese opp att den vinterstengde fylkesveg 51. (Arkivfoto, mars 2025.)
Håvard Ødegård
Fylkeskommunen vil setje opp fleire nye skilt og ha hyppigare tilsyn med trafikken på høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå.
Fint skiterreng lokkar
- Når det er dårleg med snø i lågareliggande strøk, kan vi få stor trafikk av dagsturistar som vil gå ut på skitur frå Valdresflye. Dersom dei ikkje parkerer i tråd med reglane, kan dei hindre trafikken i å kome fram. Det kan vere farleg, derfor vil vi i år setje opp 14 parkeringsskilt og to informasjonsskilt, seier seksjonssjef Arne Fredheim i Innlandet fylkeskommune.
Dei 14 skilta vil vise til lovlege parkeringsplassar. I tillegg vil fylkeskommunen setje opp to informasjonstavler, som minner trafikantane på at det ikkje er lov å parkere langs vegen, der det ikkje er særskilde parkeringsplassar.
Alt blir brøyta opp
- Driftsentreprenøren vår vil setje i gang med å frese opp vegen mellom Beitostølen og Maurvangen så fort veret blir betre, litt ut i denne veka. Då blir alle tilgjengelege parkeringsplassar og brøyta opp, fortel Fredheim.
Om alt går etter planen, og veret blir bra, blir vegen klar til opning før påske. I år vil fylkeskommunen sin entreprenør følgje ekstra godt med på trafikken og parkeringa.
- Når brøytemannskapa ikkje er opptekne med å brøyte eller med andre driftstiltak, vil dei køyre gjennom strekningen og sjå at trafikken går som den skal. Dette er viktig for at alle skal kome seg trygt fram, seier Fredheim.
Open på dagtid
Fylkesveg 51 blir som vanleg open mellom klokka 08 og 20 alle dagane i veka den fyrste tida etter opning. Inntil vidare blir vegen nattestengd.
Vegen over Valdresflye går i høgt terreng, og veret kan skifte fort. Viss det blir dårleg ver, kan vegen bli stengd på kort varsel. Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om dette på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.