Slik ser vegen ut, eit halvt døgn etter fresing, når fokksnø fyller vegen i den kraftige vinden.
Odd Arne Rødningen/Beitostølen Anlegg
Brøytemannskapa nådde toppen av Valdresflye frå Bygdin onsdag 25. mars, men fokksnø som fylte vegen opp att med snø, skapte problem.
Mest utsett i vest
Høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå er mest sårbar for uver på strekningen i sør, frå Bygdin og opp til toppen av Flye.
- Strekningane som vart freste opp om dagen, føyka att og vart fylte med fokksnø gjennom natta. Då tok det lengre tid enn vi ønskte, å få opna vegen for trafikk, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.
Fylkeskommunen planla i utgangspunktet å opne vegen for påsketrafikk fredag 27. mars.
Jobba i helga
Brøytinga heldt fram gjennom palmehelga, slik at vegen kunne opnast så raskt som mogleg. Det var litt mindre vind i palmehelga enn det hadde vore i dagane før.
- Vermeldinga går ut på at det kan bli ustabilt i påska. Får vi kraftig vind og meir nysnø, kan vegen bli stengd på kort varsel, seier Ødegård.
Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.