Det er dårleg sikt framfor hjullastaren som brukast til å frese opp fylkesveg 51 over Valdresflye no.
Odd Arne Rødningen/Beitostølen Anlegg
Verprognosane endrar seg stadig, og det er vanskeleg å seie når vegen kan opnast.
Vind og snøfokk
- I fleire dagar har det vore uver i fjellet. Kraftig vind, nysnø og snøfokk gjer forholda krevjande. Prognosen for palmehelga ser ikkje lovande ut no, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.
Driftsentreprenøren til fylkeskommunen har to hjullastarar med fres i sving for å opne den vinterstengde vegen mellom Bygdin og Maurvangen.
Uveret gjer at strekningar som har vorte freste opp, driv att, og brøytemannskapa brukar mykje tid på fresing. Dette forseinkar framdrifta i stor grad.
Sjekk vegmeldingane
- Vi vil gjere ei ny vurdering av tilhøva på fredag, ut frå framdrifta til entreprenøren og oppdaterte verprognosar, for å finne ut når det kan bli mogleg å opne vegen etter vinterstenging, seier Ødegård.
Når fylkesveg 51 har vorte opna mellom Bygdin i Øystre Slidre og Maurvangen i Vågå, blir han nattestengd mellom klokka 20 og 08 alle dagane i veka den fyrste tida.
Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.