Hovudutval for kultur løyver midlar til prosjektet "Instrumentkassa frå 1566 og dens hemmeligheter".
Oppland fylkeskommune/Jørgen Skaug
Sakene vart handsama i hovudutvalet for kultur onsdag 11. november 2026.
Anno museum
Det er løyvd 500 000 kroner til Anno Museum for vidare satsing på forfattararven i Innlandet.
Jostein Kristiansen (FrP) fremja eit alternativt forslag:
Hovudutval for kultur viser til at fylkeskommunen allereie har løyvd 3,38 millionar kroner til kartlegging og pilotprosjekt for forfattararven i Hedmark.
1. Før ytterlegare finansiering blir vurdert, må resultata frå pilotprosjektet dokumenterast og evaluerast.
2. Ei eventuell vidare satsing skal sjåast i samanheng med eksisterande museumsinstitusjonar og litteraturformidling i heile Innlandet.
3. Søknaden om ytterlegare finansiering blir avslått.
Det alternative forslaget fekk tre røyster og fall mot sju røyster.
Alternativt forslag til punkt fire
Ole Andre Storsnes (Sp) fremja eit alternativt forslag til punkt fire i fylkeskommunedirektørens innstilling på vegne av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre:
Med bakgrunn i løyvinga forventar Innlandet fylkeskommune at Anno tek kontakt med Kultur- og likestillingsdepartementet om framtidig finansiering av forfattarsatsinga. Innlandet fylkeskommune er positiv til å delta i kontakten med departementet. Arbeidet skal sjåast i samanheng med vidareutviklinga av Litteraturfylket Innlandet og ei heilskapleg regional litteratursatsing.
Forslaget vart samrøystes vedteke.
Permanent ordning for forfattararven
Anno museum søker midlar for å etablere ei permanent ordning for forfattararven i Hedmark, i tråd med ambisjonane i tidlegare forprosjekt og pilotprosjekt.
Vidareutvikling av samarbeidet med fleire aktørar, som Universitetet i Innlandet, andre museum, Innlandet fylkeskommune og kommunane, er ein del av dette.
Det blir skissert ein modell med ein fagkoordinator og regionale rådgjevarar ute i dei fire museumsregionane. Ei større fylkeskommunal og statleg finansiering er nødvendig for å etablere ordninga.
Les sakspapira PS 53/2026
Lillehammer museum
Hovudutvalet for kultur løyver 250 000 kroner til Lillehammer museum ved Maihaugen og prosjektet «Instrumentkassa frå 1566 og dens hemmeligheter».
Saka vart samrøystes vedteken.
Instrumentkassa er eit sjeldan kulturhistorisk objekt frå 1500-talet. Datering utført ved NTNU
visar at materialet stammar frå perioden 1484-1635, noko som støttar opp under årstalet 1566 som er måla på kassa.
Prosjektet skal undersøke kva slags instrument kassa opphavleg vart laga for, og kva funnet fortel om utviklinga av strykeinstrument i Noreg og Europa.
Prosjektet har som hovudmål å identifisere instrumenttypen og plassere funnet i ein norsk og europeisk instrumenthistorisk samanheng. Delmåla omfattar analyse av form, konstruksjon og dimensjonar, undersøking av aktuelle instrumenttypar og formidling av ny kunnskap om norsk musikk- og kulturhistorie.
Les sakspapira PS 54/2026
Private digitale arkiv
Hovudutvalet for kultur løyver 50 000 kroner til Sel historielag og 100 000 kroner til Kunstbanken senter for samtidskunst.
Saka vart samrøystes vedteken.
Arkiva har stor verdi som kunnskapskjelder om samfunnsutviklinga, i tillegg til at dei kan ha stor betydning for identitetsbygging. Privatarkiv blir mykje brukte av forskarar fordi dei utfyller dei offentlege arkiva og på denne måten gir ei breiare forståing av til dømes ei hending.
Privatarkiva bringer oss tett på tankane og livet til grupper og enkeltmenneske, og viser korleis ei verksemd har påverka samfunnet.
Denne tilskotsordninga kan gjere det lettare for samfunnsaktørar å finansiere arbeidet som trengst for at ulike typar dokumentasjon kan gjerast klar for langtidsbevaring, til dømes gjennom kartlegging, sortering, sikring av metadata eller katalogisering av arkiva. Målet er at verdifull dokumentasjon blir sikra, bevart og gjort tilgjengeleg for allmennheita.
Les sakspapira PS 58/2026