Støtte til klynger, reiseliv og langsiktig rekruttering

Hovudutval for næring gir midlar til NCE Manufacturing, Landsbyen næringshage, Skåppå og Klosser. 

Hender setter sammen tannhjul. - Klikk for stort bilde Mostphotos

Onsdag 16. oktober løyvde hovudutval for næring 4 825 000 kroner til ulike næringsfremjande prosjekt i Innlandet. 

Desse fire prosjekta får støtte: 

  • Klyngeutvikling (NCE Manufacturing)
  • Langsiktig Rekruttering (Landsbyen næringshage AS)
  • Rekreasjonsklynge Gudbrandsdalen, hovudprosjekt fase to (Skåppå AS)
  • Vidareføring - etablering, omstilling og skalering av ny og etablert industri i Innlandet (Klosser Innovasjon)

Løyvingane vart einstemmig vedtekne. 

1 950 000 i utviklingstilskot

NCE Manufacturing blir tildelt eit utviklingstilskot på 1 950 000 kroner. Verksemda har gjennom mange år drive med klyngeutvikling. Gjennom delingskultur og eit klyngesamarbeid mellom industrimedlemmer og kompetansepartnarane, skal dei vidareutvikle industrien innan vareproduksjon, basert på lettvektmateriale, automatisering og effektive produksjonssystem.

NCE Manufacturing har i dag 22 medlemsverksemder + Total-gruppa som består av 48 små og mellomstore verksemder i Innlandet.

Medfinansiering på 725 000 kroner 

Tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse vil vere ei av dei store utfordringane for næringslivet i åra som kjem. På denne bakgrunnen blir Landsbyen Næringshage AS løyvd 725 000 kroner til andre år av prosjektet Langsiktig rekruttering. Tilsegna gjeld for perioden fram til 1.september 2025. 

Ein føresetnad for medfinansiering frå Innlandet fylkeskommune er at prosjektet skal ha overføringsverdi til også andre regionar i Innlandet.

800 000 til reiselivssatsing

Prosjektdrivar Skåppå AS blir tildelt eit tilskot på 800 000 kroner til gjennomføring av fase 2, av Rekreasjonsklynge Gudbrandsdalen, som går frå oktober 2024 til ut 2025. 

Fritidsbustader utgjer ein stor del av reiselivet i fleire regionar i Innlandet. Det er eit ønske om å knyte denne næringa tettare på det kommersielle reiselivet for å etablere ei meir heilskapleg tilnærming til utviklinga av reiselivet, og ikkje minst i større grad sjå utviklinga av reiselivet som ein del av utviklinga av lokalsamfunnet. 

1 350 000 til Klosser Innovasjon

Klosser Innovasjon blir tildelt eit tilskot på 1 350 000 kroner til gjennomføring av det tredje året av prosjektet Etablering og skalering av ny industri i Innlandet.  

Midlane skal gå til å gjennomføre arbeidet med omstilling, skalering og nye industrietableringar. Ressursen skal inngå i team med inkubator og bidra til å styre satsinga på omstilling, innovasjon, digitalisering, internasjonalisering og etablering av berekraftig industri.

Du kan lese sakspapira her PS 23/2024,  PS 24/2024, PS 25/2024 og PS 26/2024