Illustrasjonsfoto
Mostphotos
Totalt bevilga Hovudutval for næring 1,4 millionar kroner til desse to prosjekta.
Inntil 575 000 kroner til Gudbransdalsmat
Gudbrandsdalsmat får tildelt inntil 575 000 kroner til prosjektet «Merkevareløft for Gudbrandsdalsmat - synlegheit og styrking av regional matproduksjon». Dette utgjer 50 % av dei totale kostnadene i prosjektet sitt budsjett.
Gudbrandsdalsmat skal i dette prosjektet ha ei fornying av eigen merkevareposisjon, av dei digitale løysingane og skape auka synlegheit. Det skal etablerast ein meir moderne marknadskanal for å kunne auke omsetninga til eksisterande eigarbedrifter og for at nye produsentar skal kunne lykkast å nå ut i marknaden.
Prosjektet skal gi dei eit kommunikasjonsverktøy for betre å nå ut til nye og eksisterande kundar, mellom anna meir digital marknadsføring.
Saka vart samrøystes vedteke.
Les sakspapira PS 7/2026
Inntil 900 000 til Hamarregionen utvikling
Hamarregionen utvikling får eit tilskot på inntil 900 000 kroner i medfinansiering til forstudiet «Venture Studio Innlandet – metode for å bygge tek-selskaper».
Forstudiet strekk seg over åtte månadar og er eit samarbeid mellom offentleg og privat sektor som skal teste ein modell for å skape nye verksemder og arbeidsplassar. Dersom denne modellen blir vellykka, vil dette kunne bidra til å nå Innlandsporteføljen sitt mål med hensyn til nye teknologi-arbeidsplassar innan 2030.
Saka vart samtøystes vedteke.
Les sakspapira PS 10/2026