Sjølv om det er mindre snø enn vanleg på Valdresflye, er det mykje snø som må fresast vekk.
håvard ødegård
Det er mindre snø enn normalt på Valdresflye, difor vart vegen opna uvanleg tidleg.
Hardt arbeid
Sjølv om det er mindre snø på Valdresflye enn normalt, er det harde snøfonner langs vegen. Brøytemannskapane hadde difor ein stri jobb med å frese opp køyrebanen, men dei sto på, slik at høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå kunne opnast fredag 14. mars.
Om lag 200 meter rekkverk måtte reparerast før vegen kunne opnast for trafikk.
Håvard Ødegård
Den vanlege datoen for å opne fylkesvegen over Valdesflye er 1. april.
Etter at vegen vart frest opp, måtte entreprenøren reparere rekkverket på to strekningar på til saman rundt 200 meter nedanfor Rjupa bru. Rekkverket var øydelagt av snøskred.
Kan bli uver
Det høgaste punktet på fylkesveg 51 er 1389 meter over havet, og vegen er svært utsett om det blir sterk vind eller snøfall.
Tilhøva i høgfjellet kan endre seg raskt, og alt dagen etter opninga er det varsla uver.
Vegen kan difor bli stengd i løpet av helga. Trafikantane bør følgje med på www.175.no, @VTSost på X eller ring 175 om dei har tenkt deg over Flye denne helga. Der finn dei alltid oppdatert informasjon om opne og stengde vegar.
Fylkesveg 51 blir som vanleg nattestengd mellom klokka 20 og 08 dei fyrste vekene etter opning.
Viktig for reiselivet
Fylkesordførar Thomas Breen hadde kontakt med fleire bedrifter i reiselivet i veka før vegen vart opna. Dei ynskte å få opna vegen så fort som mogleg, ettersom det er uvanleg lite snø i fjellet.
- Vi håper at opninga kan føre til auka aktivitet i reiselivet på begge sider av Valdresflye, seier Breen.
- Vegen mellom Valdres og Gudbrandsdalen er og viktig for beredskapen i fylket og mellom ulike delar av landet, seier leiar av samferdsleutvalet i Innlandet fylkeskommune, Iselin Vistekleiven.
Strekningen på fylkesveg 51 mellom Beitostølen og Bygdin i Øystre Slidre har vore open sidan før vinterferien.