Festeboltane sitt tett i terrenget over fylkesveg 257 i Skjerdalen. Fjellsikrarar i lift arbeider med å montere sikringsutstyr.
Henning Paul Garmo
Dårleg fjell i terrenget over vegen gjer at sikringsarbeidet tek lang tid.
Har flytta vegen
Då det regna som verst under «Hans» i august 2023, rasa grunnen ut under fylkesveg 257 i Skjerdalen i Heidal i Sel kommune. Då vegen skulle byggjast opp att, vart han flytta lenger inn i fjellsida for å stå på tryggare grunn på en 250 meter lang strekning.
Samstundes måtte fjellsida over den nye vegen sikrast mot ras med boltar og fangnett.
- Vi har sprengt bort mykje masse, som det tek tid å fjerne. For å hindre at det kjem sprengstein ned i elva Sjoa, som går nedanfor vegen, må vi vere forsiktige med å sprengje. Vi må pigge laus mykje av massane som skal fjernast, og dette tek tid, fortel byggjeleiar Henning P. Garmo i Innlandet fylkeskommune.
Dårleg fjell
Den bratte fjellsida over vegen må sikrast mot ras, noko som har vist seg å være krevjande. Fjellet er av dårleg kvalitet, slik at det er vanskeleg å finne godt feste for utstyret som skal hindre ras.
- Vi må bruke mange solide boltar. Det blir mykje boring. I påsken gjekk det eit ras på anleggsområdet, etter at vatn i terrenget over fann seg nye vegar. Steinen som rasa vart fanga opp av fangnettet, men vi må vi gjere sikringsarbeidet på nytt, seier Garmo.
Ferdig i sommar
Anleggsarbeidarane har jobba med dette sikringsarbeidet sidan i fjor haust. Strekningen som skal sikrast, etter at vegen vart flytta lenger inn i fjellsida, er rundt 250 meter lang.
- Trafikken kan gå ganske normalt mens vi jobbar der. Om alt går etter planen, skal arbeidet være ferdig til ca. 1. juli, seier Garmo.