Nye opplæringstilbod

Elevar får tilbod om yrkesfag i kombinasjon med idrett, YSK-automasjon og ny opplæringsmodell i landbruksfaget. 

Mostphotos

Hovudutval for utdanning vedtok enstemmig dei nye tilboda onsdag 14. oktober. Tilboda ein del av revidert tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring i Innlandet.

Tilboda skal starte opp frå skuleåret 2027/28.

Yrkesfag og idrett ved Lena-Valle

Elevar ved Lena-Valle videregående skole vil frå neste skuleår kunne kombinere yrkesfagleg utdanning med målretta idrettssatsing.

Tilbodet blir oppretta innan Vg1 Helse- og oppvekstfag og Vg1 Teknologi- og industrifag. 

Tilbodet skal gi ungdom høve til å satse på idrett samstundes som dei tek ei yrkesfagleg utdanning. I oppstartsfasen blir tilbodet retta mot individuelle uthaldsidrettar.

YSK Automasjon på Raufoss

Hovudutvalet har også vedteke å etablere YSK Automasjon ved Raufoss videregående skole. YSK-løpet gir elevane moglegheit til å oppnå både fagbrev og studiekompetanse gjennom eit samanhengande opplæringsløp på 4,5 år.

Tilbodet skal bidra til å styrke rekrutteringa til automatiseringsfaget og møte behovet for kompetanse i industri- og teknologimiljøa i regionen.

Vidarefører spissa toppidrett 

Hovudutval for utdanning fekk også orientering om vidareføringa av spissa toppidrett frå skuleåret 2027/28. 

Tilboda blir vidareførte ved Elverum videregående skole (handball), Lena-Valle videregående skole (fotball) og Nord-Østerdal videregående skole (langrenn og skiskyting).

Ny opplæringsmodell i landbruksfaget

Nasjonale utdanningsmyndigheiter har vedteke å innføre ein ny opplæringsmodell i landbruksfaget basert på hovudmodellen for fag- og yrkesopplæring, med to år i skule og to år i bedrift (2+2). 

Samstundes blir dagens treårige skulebaserte opplæringsløp vidareført. Endringa gir elevane fleire vegar fram til yrkeskompetanse med eller utan fagbrev og legg til rette for auka fleksibilitet i opplæringa. 

I den vedtekne tilbodsstrukturen for Innlandet fylkeskommune for perioden 2026/27–2029/30 er Vg3 Landbruk vidareført ved Jønsberg videregående skole, Lena-Valle videregående skole og Storsteigen videregående skole

Innlandet vil dermed kunne tilby både den tradisjonelle treårige modellen og den nye 2+2-modellen.

Se sakspapirene PS 15/2026