Randklev bru på fylkesveg 2532 er ein viktig forbindelse over Lågen i Ringebu.
Anders Fosse Skjåk
I slutten av denne veka tek entreprenøren til med å transportere anleggsmaskiner inn til byggjeområdet i Ringebu.
Arbeid heile veka
Det er Lesja Bulldozerlag AS som har fått kontrakt på arbeidet med å reparere brua på fylkesveg 2532.
Massane som skal brukast i samband med arbeidet ligg lagra i Ringebu sentrum. Transporten vil gå om Hundorp og Fåvang på fylkesveg 2532 Vestsidevegen fram til byggjeplassen på vestsida av Gudbrandsdalslågen.
- Transporten kjem til å halde på frå klokka 07 til 19 kvar dag, også i helgene. Slik vil det bli til ut i januar, seier prosjektleiar Rolf Klemetrud i Innlandet fylkeskommune.
Kan bli nattarbeid
Byggjearbeidet i elva må vere heilt ferdig til vårflaumen kjem i mai. Entreprenøren skal reparere den vestre pilaren ute i elva, deretter jekke opp brua og rette ho ut att. Stålet har og fått skadar som må reparerast.
- Det kan bli nødvendig å arbeide om natta i nokre periodar. Det gjeld heilt fram til brua er ferdig reparert i sommar. Massetransporten kjem ikkje til å skje om natta, men arbeid med stål og betong må kanskje skje både natt og dag, fortel Klemetrud.
Ifølge prosjektleiaren kan det bli noko støy frå arbeidet i januar og februar. Det kan og gjelde når entreprenøren må arbeide om natta. Entreprenøren har fått godkjenning til å drive med nattarbeid.
Normal trafikk i sommar
Når arbeidet er ferdig, vil trafikken gå som før brua vart øydelagd av flaum i august i fjor. Fylkeskommunen forventar at arbeidet er ferdig og at brua kan opnast for biltrafikk og fotgjengarar i løpet av juni 2025.
- Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statsforvaltaren har lagd føringar for korleis arbeidet med brua skal gjerast. Det er viktig å ta omsyn til naturen, dyrelivet og den vekslande vasstanden i Lågen, seier Klemetrud.
70 millionar kronar
Reparasjonen av Randklev vegbru vil koste om lag 70 millionar kroner totalt, når alle kostnadar er tekne med. Dette har Samferdselsdepartementet tidlegare lova at staten skal betale.
I fjor vinter arbeidde Bane Nor med å reparere jernbanebrua som ligg rett ved sida av vegbrua. Då vart den skadde pilaren på vegbrua sikra, slik at han ikkje skulle få fleire skadar på grunn av flaum.
Arbeidet med dei to bruene kunne ikkje skje samstundes, fordi Bane Nor måtte leggje ut fylling i elva frå aust, mens fylkeskommunen må leggje fyllinga si på vestsida, for å nå ut til den skadde pilaren på vegbrua.