Midlar til ung kultur

Kommunar kan søkje om pengar i samband med kulturfestivalen UKM.

Mostphotos

Det vedtok hovudutval for kultur torsdag.

Kulturfestival for ungdom

UKM er ein landsdekkjande kulturfestival for ungdom mellom 13 og 20 år. UKM Innlandet arrangerer kvart år ein fylkesfestival. Dette skal vere den viktigaste møteplassen for ung kultur i fylket.

Kommunane arrangerer eigne lokale mønstringar. Nokre av dei ungdommane som er med her, blir sende vidare til fylkesfestivalen. Deltakarar herfrå igjen blir sende til den nasjonale UKM-festivalen.

Midlar til kommunane

Desse stimuleringsmidlane er meinte for kommunekontaktar i Innlandet.

Kommunane kan søkje på midlar for å bidra til at UKM skal inngå i den heilskaplege tenkinga rundt arbeidet med ungdom. Dette kan mellom anna vere å løfte UKM fram for kultursjef, kulturskule, politikarar og andre relevante aktørar i kommunen.

Det er sett av 200 000 kroner til ordninga. Kvar kommune kan søkje om maksimalt 30 000 kroner.

Unge er prioritert i kulturstrategien

Døme på tiltak kan vere workshops, samlingar eller andre aktivitetar som knyter UKM tettare til eksisterande tilbod, som til dømes fritidsklubb. Det kan òg vere kompetanseheving på heilskapleg ungdomsarbeid eller møte med ulike aktørar for å presentere og forankre UKM.

UKM svarer på mål i Kulturstrategi for Innlandet fylkeskommune, der barn og unge er særskilt prioritert.

Saka blei samrøystes vedteken.

Les sakspapira PS 37/2026