Leselyst i Innlandet

Skjåk er på topp i årets Sommarles. Biblioteket jobbar aktivt med promotering.

Illustrasjon av Sommarles for barn - Klikk for stort bildeSommarles Sigrun Eide

Sommarles er ein nasjonal, digital leseaksjon der barn registrerer det dei har lest på nettsida til Sommarles og kan hente premiar på biblioteket.

Illustrasjon av barn som leser - Klikk for stort bilde Sigrun Eide

Barn i Innlandet har henta 16 893 Sommarles-premier på folkebiblioteka i fylket i sommar. 

10 343 barn mellom 1. og 7. klasse har delteke, og dei har lese 132 354 bøker! Det vil seie nesten femten bøker per barn i dei fire månadene Sommarles varer.

Kommunar med flest deltakarar

I Innlandet har desse fem kommunane hatt flest deltakarar på Sommarles i år:

  • Skjåk  79 %
  • Lom    75 %
  • Os       68 %
  • Vang   59 %
  • Våler   59 %
Illustrasjon av barn som leser - Klikk for stort bilde Sigrun Eide

Biblioteksjef i Skjåk, Jenni Anette Morales Hånsnar, er storfornøgd med leselysta blant barna i Skjåk. Ho fortel at dei arbeider aktivt med å promotere Sommarles.

– Det betyr utruleg mykje at lærarane er positivt innstilt til både biblioteket og Sommarles. Dei er ivrige på at elevane sine skal vera med på Sommarles, da dei ser stor forskjell på lesekunnskapen ved skulestart kven som har vore med og ikkje, seier Jenni.

Fleire tiltak

Illustrasjon av Sommarles avslutning i Innlandet - Klikk for stort bilde Sigrun Eide

Jenni trekker fram fleire tiltak som har bidratt til det høge talet på deltakarar i Skjåk. 

Biblioteket sender ut informasjon til alle lærarar, elevar og førskulebarn i god tid før starten av Sommarles. 

Biblioteket arrangerte ein kick-off for Sommarles på biblioteket der alle klasser vart inviterte,. Det var også utstillingar på biblioteket og ein flott avslutningsfest med premieutdeling og show.

Årets tema

Temaet for Sommarles har i år vore "Fanget i spillet". Forfattar Mari Moen Holsve har skrive ei fortelling spesielt for Sommarles med Asbjørn og Astrid, som er godt kjent for dei som har vore med på Sommarles i fleire år. Seriebøker er populære å lese. 

Nasjonalt har dei mest populære bøkene vore Nordlys-serien av Malin Falch, Edelmot av Victor Sotberg og Odin Helgheim, Bukkene Bruse på badeland av Bjørn Rørvik, Hundemannen-serien av Dav Pilkey, Amuletten-serien av Kazu Kibuishi, Krypto-serien av Hans Jørgen Sandnes og lydbøkene om Kokkosbananas.

Alle kommunar deltok

Alle kommunar i Innlandet har vore med på Sommarles i år, og 33 % av alle barn i Innlandet har delteke.

Innlandet fylkesbibliotek koordinerer og betaler deltageravgifta for biblioteka. I desse dagar blir populære Sommerles-avslutningar arrangert på folkebiblioteka i Innlandet.  

Tekst: Linn T. Sunne, Innlandet fylkesbibliotek