Kva ambisjonar har vi for filmbransjen?

Å auke kvaliteten og få fleire innspelingar til Innlandet, var svaret under Fylkeskulturkonferansen 2026.

Vibeke Skistad, dagleg leiar i Euforia Film, direktør for Filminvest, Arild Halvorsen, leiar for hovudutval for kultur i Innlandet fylkeskommune, Tom Svellet og Stig Hjerkinn Haug, filmprodusent for En nasjon i sjakk. Innlandet fylkeskommune / Leila Øvreseth

Om lag 230 personar frå kommunar, kulturinstitusjonar, festivalar og kunstnarar innan alle sjangrar var til stades på Scandic Lillehammer hotell 28. og 29. oktober då Fylkeskulturkonferansen 2026 gjekk av stabelen. 

Tema for årets konferanse var ambisjonar og mogleheiter.

Enorme ringverknadar

Under konferansen var det ein samtale på podiet mellom Stig Hjerkinn Haug, filmprodusent for En nasjon i sjakk, som er basert på boka til lillehamringen Johan Høst, Tom Svellet, leiar for hovudutvalet for kultur i Innlandet fylkeskommune, og Arild Halvorsen, direktør for filmfondet Filminvest. Samtalen vart leia av Vibeke Skistad, dagleg leiar i Euforia Film.

Haug viste til ei nyare undersøking frå VisitBritain: Over 50 prosent av dei som reiste til Storbritannia på ferietur, hadde besøkt ein film- eller TV-lokasjon under opphaldet sitt.

– Det er heilt enorme ringverknader knytt til ei filminnspeling. Under førebuing, under sjølve innspelinga og etter at filmen er ferdig.  Vi skal bu, vi skal ete og vi brukar lokale tenester. Vi var her i tre veker under innspelinga. Når filmen er ferdig, blir han vist for heile verda. Deretter kan han skape auka turisme og vekke nysgjerrigheit på regionen.

20 minutt frå Innlandet

20 minutt av “En nasjon i sjakk” er henta frå denne regionen. 

– Vi viser fram nokre fantastiske bilete, sa Haug vidare og peikte på eit utdrag frå filmen med snødekte trær i Kvitfjell. 

Cirka 230 personar var samla under Fylkeskulturkonferansen 2026. Innlandet fylkeskommune / Leila Øvreseth

– Ambisjonen må vere å få flest mogleg filmproduksjonar til Innlandet. Vi ser kva verdiar og ringverknader det skaper, supplerte leiar for hovedutval for kultur, Tom Svellet (Ap).

Arild Halvorsen, direktør for filmfondet Filminvest, meiner ambisjonen for filmbransjen i Innlandet må vere å auke kvaliteten.

– Det gjeld både dokumentar- og fiksjonsprosjekt frå regionen vår, slik at vi får nasjonal gjennomslagskraft. På sikt må vi også ha internasjonal gjennomslagskraft. Det gjeld både det som blir utvikla og det som blir produsert i regionen.

Korleis klatre på Norsk kulturindeks? 

Det var fleire innlegg under Fylkeskulturkonferansen der temaet ambisjonar og moglegheiter vart sett på dagsorden.

Professor Sjur Dagestad frå NTNU fekk publikum til å reflektere over korleis dei kan fornye seg. Han peika på at vi ikkje skal tenke på kva vi gjorde i fjor og berre gjere det betre, men heller tenke på korleis vi kan gjere det annleis enn vi har gjort tidlegare. Hans innlegg handla rett og slett om at den som ikkje fornyar seg, vert ein annan.

Kristine P. Miland frå Telemarksforsking snakka om Norsk kulturindeks og korleis kommunane kan bruke han som eit kunnskapsgrunnlag for å bli betre. Ho understreka at det er viktigare å samanlikne seg med seg sjølv enn med andre. Innlandet har kommunar både blant dei ti beste og dei ti svakaste på indeksen. 

Eit eksempel til etterfølgelse kan være Sør-Fron kommune. Kultursjef Bjørn Sletten fortalte om korleis kommunen klatra frå 215. plass på kulturindeksen i 2022 til 86. plass to år seinare. 

Kommunen valde å sjå vekk frå parameter som kino og museum, då dei ikkje har dei institusjonane i eigen kommune. Sør-Fron konsentrere seg om å bli betre på det dei faktisk har i kommunen, slik som bibliotek. Der har dei oppnådd klare forbetringar, noko som gjorde utslag på den totale poengsummen