Korleis få fleire til å jobbe med mat og reiseliv?

I Nord-Gudbrandsdalen jobbar dei med ei handbok for å inspirere til ein karriere innan mat- og reiselivsbransjen.

Signe S. Storødegård og Lene Sørbråten holder eit dokument med skulen i bakgrunnen. - Klikk for stort bildeProsjektleder KNiT24 og avdelingsleder ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Signe S. Storødegård og prosjektkoordinator KNiT24 og lektor ved samme skule Lene Sørbråten. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Arbeidet er ein del av Keen and New in Tourism (KNiT24), eit treårig prosjekt i EU-programmet Erasmus+.

Prosjektet blir koordinert av Ung i reiselivet, ei gruppe som består av Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Opplæringskontoret Gudbrandsdalen, Opplæringskontoret Brimi-kjøkken, Gudbrandsdalsmat og lokal mat- og reiselivsbransje.

I løpet av tre år skal dei kartlegge og søke innsikt og kunnskap om korleis dei kan auke rekrutteringa til mat- og reiselivsbransjen og utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv.

Henta inn kunnskap

Lene Sørbråten jobbar på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og er prosjektkoordinator for KNiT24.

Dei har brukt den første halvdelen av prosjektperioden på å hente inn kunnskap både frå elevar og studentar og frå næringslivet.

– Dette gir oss kunnskap og innsikt i korleis vi kan gå vidare med å foreslå konkrete tiltak på utfordringane knytte til rekruttering inn i mat- og reiselivsbransjen, seier Sørbråten.

Fleire felles utfordringar i Norden

Sidan KNiT24 er eit EU-prosjekt, samarbeider den norske prosjektgruppa med to andre nordiske regionar: Nord-Jylland i Danmark og Åland i Finland.

Trass i skilnader i storleiken på bedriftene, arbeidsmarknad og andre forhold, har kartlegginga avdekt fleire fellestrekk på tvers av landegrensene.

– Vi ser mellom anna at det er store utfordringar knytte til rekruttering, først og fremst til kokkeyrket, men også for jobbar innan generell service- og kundebehandling, seier Sørbråten.

Undersøkinga viser òg at det er eit gap mellom kompetanse- og utdanningsnivå og lønn og at det kan vere utfordrande med uregelmessig arbeidstid. I tillegg kan det vere stor gjennomtrekk av tilsette. Mange av aktørane i næringslivet er klare over desse utfordringane, og tar grep for å handtere dei.

I undersøkinga har dei òg sett på korleis næringslivet samarbeider med utdanningsinstitusjonar.

– Vi er på god veg, men det er framleis meir å hente her. Bransjen er interessert i å få på plass eit meir strukturert samarbeid, seier prosjektkoordinatoren.

Prosjektgruppa Ung i reiselivet: Ruth Mæhlum, Gro Barkenæs, Tor Ivar Furuset, Espen Hartløv, Mette Damstuen og Signe S. Storødegård foran ein skjerm med KNiT24 på - Klikk for stort bildeProsjektgruppa Ung i reiselivet: f.v. Ruth Mæhlum (Thon Hotel), Gro Barkenæs (Gudbrandsdalsmat), Tor Ivar Furuset (Opplæringskontoret Brimi-kjøken), Espen Hartløv (Prosjektleder Ung i Reiselivet/Opplæringskontor Brimi-kjøken), Mette Damstuen (Opplæringskontor Gudbrandsdal) og Signe S. Storødegård (Avd.leder Nord-Gudbrandsdal vgs./Prosjektleiar KNiT24) Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Handbok for inspirasjon

Neste steg i prosjektet er å sjå på moglegheiter for å styrke rekrutteringa til bransjen. Mellom anna jobbar dei med ei digital handbok.

– Vi jobbar med å produsere innhald til denne digitale handboka og håpar å ha ein første versjon klar til sommaren eller tidleg haust. Deretter skal vi teste den ut på ulike målgrupper før vi ferdigstiller han for distribusjon. Vi håpar denne kan bidra som ei inspirasjonskjelde for dei unge, mat- og reiselivsbransjen, rådgivarar og skulane i alle tre regionane, seier Sørbråten. 

Fekk pris for det internasjonale arbeidet sitt

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har jobba med internasjonalisering i over 20 år.

I 2024 fekk skulen EITA-prisen. Den er etablert av EU-kommisjonen for å løfte fram framifrå undervisningsmetodar i prosjekt i Erasmus+.

I grunngivinga vart det systematiske kvalitetsarbeidet til skulen innan internasjonalisering i 20 år framheva, i tillegg til korleis lærarane gjennomfører gode pedagogiske opplegg for elevane.

I overordna del av læreplan i alle fag er målet mellom anna at elevane skal lære seg å forstå verda som ein global fellesskap.

– Gjennom dei ulike internasjonale skuleprosjekta våre gir vi elevar lærarar, tilsette og samarbeidspartnarar i regionalt næringsliv ei moglegheit til å utvikle dette globale perspektivet i faga og utdanningsprogramma sine, seier Lene Sørbråten.