Innlandet i front

Fylkesbiblioteket sitt bokprosjekt Boklek er brukt som eksempel i regjeringa sin leselyststrategi.

Plakat av Boklek 2023 - Klikk for stort bilde Boklek.no

I samband med biblioteka si viktige rolle i formidling av litteratur, er det fylkeskommunale prosjektet Boklek nemnd som eksempel i regjeringa sin nye strategi «Saman om lesing – leselyststrategien 2024–2030». 

Strategien vart lansert 29. mai under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. 

Eit årleg formidlingsprosjekt

Boklek er eit årleg bokprosjekt kor ein barnebokforfattar, eller illustratør, blir engasjert og sendt ut på turné saman med ein formidlar til alle 46 folkebiblioteka i Innlandet. 

–  Boklek er eit vellykka leselysttiltak i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og alle folkebiblioteka i fylket. I ei tid der lesinga dessverre er dalande er det ekstra viktig å prioritere aktivitetar som kan stimulere leselysta. Vi har spelt det inn på nasjonalt nivå som eit prosjekt som fungerer godt, og det ekstra stas at regjeringa har brukt det som eksempel i den nye leselyststrategien. Rogaland og fleire andre fylke ønsker no å innføre lesesatsingar for barn etter oppskrift frå Boklek, seier fylkesbibliotekeksjef i Innlandet, Tone Nyseter. 

Vil skape positive litteraturopplevingar

Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle skulestartarar. Bokleg starta opp i 2014, og dei seinare åra har over 80 prosent av skulestartarane frå fylket deltatt i prosjektet.

Les meir om Boklek her.