Grøn framtid skaper arbeidsplassar

Det viser ei evaluering av tilskotsordninga etter at ho vart utvida til å gjelde for heile Innlandet.

Penger som vokser opp av jorda med små planter på toppen - Klikk for stort bilde Mostphotos

Tilskotsordninga Grøn framtid kan gi føretak støtte til tiltak som fremmar verdiskaping, sysselsetjing og omstilling. Tiltaka skal ha positiv innverknad på klima og miljø.

Ordninga vart etablert i Oppland fylkeskommune i 2017. I september 2021 vedtok politikarane at han skulle utvidast til å gjelde heile Innlandet. Då vart det òg bestemt at ordninga skulle evaluerast etter to år.

Mykje for lite

Evalueringa er samanfatta i rapporten Mykje for lite: Evaluering av Grøn framtid Innlandet.

I tillegg til å vise til fleire arbeidsplassar og verdiskaping, viser evalueringa òg at ordninga har bidrege til å skape næringsaktivitet som elles ikkje ville vorte realisert. Dessutan gir han god avkastning frå ei relativt lita investering per prosjekt.

Lågterskelordning

Det er i hovudsak mindre føretak som har nytta seg av ordninga, og det samsvarer med det som var tenkt då ho vart etablert. Det skal vere ei lågterskelordning som skal supplere andre verkemiddel for næringslivet.

Denne siste evalueringa har vore intern, men ho samsvarer godt med eksterne evalueringar av ordninga som er gjennomført tidlegare.

Politisk behandling

Joakim Ekseth (H) fremma eit tilleggsforslag på vegner av Høgre, Ap, MDG og Pensjonistpartiet om at ordninga skal sjåast i samanheng med Innlandsporteføljen. Samstundes antyda han at fondet til Grønn framtid vil vere brukt opp i løpet av våren 2024. Det førte til ein debatt nettopp om framtida til fondet.

Aud Hove (Sp) synest det er synd viss fondet blir avvikla.

– Det er tydeleg at fleirtalet her har bestemt seg for å avvikle Grønn framtid, men vi må jo få ei sak på det. Då må det òg skisserast korleis vi skal følgje opp dette inn i Innlandsporteføljen, sa ho og la til at Senterpartiet heller vil fylle på fondet så lenge det kjem søknader.

Ho fekk støtte frå fleire av dei andre partia. 

Breen måtte roe

Fylkesordførar Thomas Breen (Ap) tok ordet for å roe dei som var bekymra for at Grønn framtid skal leggast ned utan debatt.

– Det er ikkje sånn at vi avviklar noko som helst med det her, men det er eit signal om at vi bør sjå ting i samanheng framover mot våren for å gjere vurderingar, sa Breen.

Han påpeika at éin mogleg konklusjon er å fylle på fondet og føre det vidare, eller dei kan ende opp med andre løysingar.

Votering

Sjølve innstillinga frå hovudutval for næring vart einstemmig vedtatt. Tilleggsforslaget fremma av Joakim Ekseth vart vedtatt med knappast mogleg fleirtal – åtte mot sju røystar.

Les sakspapira PS 162/2023