Fylkesveg 2510 i Vang stengd på to stader

Vennisvegen på nordsida av Vangsmjøse er stengd både aust og vest for Vennis etter to steinsprang. 

Smal veg langs innsjø, fjellside til høyre i bilde. Vegbanen er dekket av steiner og steinblokker.  - Klikk for stort bildeSlik ser Vennisvegen ut etter steinspranget den 18. mars. Håvard Ødegård

Vegen vart stengd ved Sandvike i aust etter eit mindre ras onsdag kveld.

Torsdag ettermiddag vart han og stengd ved Kviture, om lag seks kilometer lenger vest, etter eit steinsprang.

Fann raspunktet

Ved Sandvike gjorde geologar fra Innlandet fylkeskommune ei vurdering av terrenget over vegen tidleg torsdag ettermiddag.

- Undersøkelsen avdekka kor steinmassane losna onsdag kveld. Slik det ser ut no, er det ikkje fare for at nye massar skal losne frå dette punktet med det fyrste, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune. 

Planen er at entreprenøren til fylkeskommunen kan byrje å rydde bort massane i vegen ved Sandvike fredag morgon, slik at vegen kan opnast att rundt klokka 12.

- Det tryggaste for anleggsarbeidarane er å gjere det om morgonen, når temperaturen er lågast, seier Ødegård. 

Må undersøke nytt punkt

Staden der steinspranget gjekk i Kviture må og undersøkast av geolog for å finne ut om det er trygt å rydde vegen. Fylkeskommunen vil gjere dette fredag føremiddag. 

Det ligg fleire hus langs strekninga av fylkesveg 2510 som no er stengd. Fylkeskommunen jobbar for å kunne opne att vegen så fort som mogleg, men det kan ikkje skje før tilhøva er vurderte som trygge nok til det. 

- Vennisvegen har fleire punkt der det kan gå ras eller steinsprang om våren. Høg dagtemperatur kan varme opp fjellsida og gjere massane ustabile, seier Ødegård. 

Folk som bur langs strekningen som er stengd, kan finne informasjon frå Vang kommune på nettsida til kommunen.