Fylkesveg 2510 i Vang open for trafikk

Vennisvegen på nordsida av Vangsmjøse vart opna for trafikk både aust og vest for Vennis fredag. 

Gravemaskin og lastebil fjerner steinmasser i en smal veg. - Klikk for stort bildeRaspunktet ved Sandvike vart rydda om morgonen den 20. mars. Håvard Ødegård

Vegen hadde da vore stengd sidan onsdag kveld etter eit mindre ras.

Rydding i gang

Ved Kvitaure lenger vest måtte fylkeskommunen i rydde vegen etter steinspranget som gjekk der torsdag ettermiddag.

- Vegen vart opna der klokka 1130 i dag, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune. 

Ødgård fortel at det kjem til å liggje att to steinblokker i vegen, som driftsentreprenøren til fylkeskommunen må fjerne seinare. 

- Fram til dette har vorte gjort, vil vegbreidda vere tre meter på det smalaste punktet ved Kviture, seier Ødegård. 

Fann raspunktet

Ved Sandvike gjorde geologar fra Innlandet fylkeskommune ei vurdering av terrenget over vegen tidleg torsdag ettermiddag.

- Undersøkelsen avdekka kor steinmassane losna onsdag kveld. Slik det ser ut no, er det ikkje fare for at nye massar skal losne frå dette punktet med det fyrste, sa Ødegård etter den geologiske undersøkinga torsdag 19. mars. 

- Oppryddingsarbeid må gjerast om morgonen, når temperaturen er lågast, sa Ødegård. 

Undersøkte nytt punkt

Ødelagt rekkverk langs smal veg ved innsjø. - Klikk for stort bildeRekkverket er øydelagt fleire stadar og må reparerast seinare. Håvard Ødegård

Staden der steinspranget gjekk i Kviture måtte og undersøkast av geolog for å finne ut om det var trygt å rydde vegen. Fylkeskommunen gjorde dette fredag morgon. 

- Vennisvegen har fleire punkt der det kan gå ras eller steinsprang om våren. Høg dagtemperatur som varmar opp fjellsida og store mengder nedbør, er faktorar som kan gjere massane ustabile, seier Ødegård. 

Ved begge stadane der det gjekk ras, er det skadar på vegen og rekkverket. Dette er skilta, og trafikantane må køyre forsiktig.