Slik ser vegen ut, eit halvt døgn etter fresing, når fokksnø fyller vegen i den kraftige vinden.
Odd Arne Rødningen/Beitostølen Anlegg
Brøytemannskapa nådde toppen av Valdresflye frå Bygdin onsdag denne veka, men vegen fyllast fort opp att med fokksnø.
Mest utsett i vest
Høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå er mest sårbar for uver på strekningen i sør, frå Bygdin og opp til toppen av Flye.
Sjølv om driftsentreprenøren til fylkeskommunen har jobba med å frese vekk snøen etter vinteren i mange dagar, har dei ikkje rukke å kome over til Maurvangen.
- Strekningane som har vorte freste opp om dagen, føykar att og fyller seg med fokksnø gjennom natta. Då tek det lengre tid enn vi ønskte, å få opna vegen for trafikk, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.
Vil jobbe i helga
Brøytinga held fram gjennom palmehelga, slik at vegen kan opnast så raskt som mogleg. Ifølgje vermeldinga tidleg fredag føremiddag, skal det bli litt mindre vind i helga enn det har vore dei siste dagane.
- Det tidlegaste tidspunktet for å kunne opne vegen er måndag 30. mars. Men veret er ustabilt. Får vi framleis kraftig vind og meir nysnø, blir fokksnøen eit vedvarande problem, seier Ødegård.
Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.