Åsnes kommune får 2 millionar kroner i omstillingsmidlar til eit prosjekt som mellom anna handlar om sentrumsutvikling på Flisa.
Marit Thobiassen Strande
Saka vart behandla i fylkesutvalet tysdag.
I samband med vedtaket om ny skulestruktur i Innlandet oppretta fylkeskommunen ei søknadsbasert støtteordning for kommunar som er ramma av nedlegging av skular eller skulestader. Den totale ramma for ordninga er 10 millionar kroner og det maksimale tilskotet er 2 millionar kroner.
Dei fire kommunane som får tilskot, er Åsnes, Sør-Odal, Nordre Land og Dovre.
Lom søkte òg, men eit fleirtal i fylkesutvalet meiner at føresetnadene for støtteordninga ikkje lenger er til stades. Dette er fordi dei har fått godkjent privatskulen Jotunheimen vidaregåande skule og dimed framleis har eit vidaregåande skuletilbod i kommunen.
Åsnes kommune
Åsnes mista to studiestader: Flisa og Sønsterud. Solør videregående skole er no samla på Braskereidfoss i Våler kommune.
Kommunen får 2 millionar kroner til eit todelt prosjekt, der del ein handlar om sentrumsutvikling på Flisa. Målet er å styrke attraktiviteten, bulysta og omdømmet til kommunesenteret.
Del to handlar om å utvide næringsfondet med ein pott som er øyremerkte småbedrifter i etableringsfasen.
Saka vart samrøystes vedtatt utan debatt.
Les sakspapira PS 6/2025
Sør-Odal kommune
Sør-Odal mista Skarnes videregående skole i samband med ny skulestruktur.
Kommunen får 2 millionar kroner til prosjekt for å etablere GreenLab Slomarka. Kommunen ønsker at Greenlab skal vere eit planleggings- og utviklingsprosjekt. Målet er å etablere eit framtidsretta industriområde basert på prinsippa for sirkulær økonomi, smart energibruk og industriell symbiose.
Gjennom prosjektet ønsker kommunen å legge til rette for utviklinga av eit konsept som kan bidra til å styrke lokal kompetanse og skape nye arbeidsplassar.
Saka vart samrøystes vedtatt utan debatt.
I Nordre Land vart Dokka videregående skole lagd ned.
Kommunen får 2 millionar kroner til eit prosjekt som har tre hovudmål:
- etablere attraktive møteplassar for alle
- legge til rette for varierte og attraktive bustader i sentrum
- utvikle ei plattform eller hub for dialog og næringsutvikling
Kommunen meiner at området rundt den nedlagde Dokka stasjon er særleg eigna for utvikling. Dei ønsker å ta i bruk eksisterande busetnad og gjere om området til ein attraktiv møteplass for alle, kombinert med bustader og næringsareal.
Saka vart samrøystes vedtatt utan debatt.
Les sakspapira PS 7/2026
Dovre kommune
I Dovre kommune vart skulestaden Dombås lagt ned.
Kommunen får 1 million kroner til eit prosjekt for å etablere og vidareutvikle attraktive kontorfellesskap. Dei meiner dette er avgjerande for at lokale bedrifter skal kunne utvikle seg.
Dei har allereie ei ordning der kommunen gir støtte til folk som ønsker å prøve ut kontorfellesskap. Denne ordninga ønsker dei å utvide.
Kommunen søkte om 2 millionar kroner, men politikarane meiner at konsekvensane av nedlegginga er mindre samanlikna med dei andre kommunane som får tilskot. Skulestaden som vart lagd ned var liten, og det var ingen elevar der det siste driftsåret.
Saka vart samrøystes vedtatt utan debatt.
Les sakspapira PS 9/2026
Lom kommune
Sidan Jotunheimen vidaregåande skule er godkjend som privatskule, meiner fylkeskommunedirektør Tron Bamrud at føresetnadene for omstillingsmidlar ikkje lenger er til stades. Han foreslo difor å avslå søknaden til kommunen.
Truls Gihlemoen (Frp) fremja eit tilleggsforslag om at Lom kommune blir invitert til å søke på ny dersom tilbodet om offentleg finansiert vidaregåande skule skulle forsvinne frå kommunen.
Forslaget fekk 4 røyster og vart ikkje vedtatt.
Aud Hove (Sp) fremja eit alternativt forslag på vegner av Sp og Raudt om at Lom kunne få halvparten av det dei søkte om, altså 1 million kroner.
Grunngivinga er at kommunen har hatt utfordringar med at fylkestinget har lagt ned det offentlege skuletilbodet.
Forslaget fekk 4 røyster og vart ikkje vedtatt.
Innstillinga frå fylkeskommunedirektøren vart vedtatt med 11 røyster.
Les sakspapira PS 8/2026