
Kunsten å lære har undersøkt kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform i skulen. Etter tre år med samanhengande forsking i Noreg og Ungarn er endeleg rapporten snart klar for offentlegheita.
Noregs største arena for kulturpolitikk
Kunsten å lære er kome på programmet til Kulturytring som går av stabelen i Drammen 23.–25. juni 2025. Programmet blir lansert i dag. Kulturytring er Norges største nasjonale debattarena for kunst- og kulturpolitikk, som blir arrangert som ein festival over tre dagar i kvart valår.
– Vi er særs glad for at vi snart får presentere dei spennande resultata etter det omfattande arbeidet som er lagt ned i Kusten å lære. Kulturytring er ein perfekt arena for dette, seier prosjektleiar for Kunsten å lære, Marie Othilie Hundevadt.
Offentleggjeringa blir sendt direkte på nettet. Lenke til strømminga blir tilgjengeleg på arrangementet si side på Facebook i god tid.
Fakta om Kunsten å lære
- Kunsten å lære var eit internasjonalt prosjekt som gjekk føre seg i perioden 2021–2024.
- Prosjektet var eigd av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (CCE), T-Tudok i Ungarn og Kulturtanken.
- Kunsten å lære forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
- Prosjektet besto av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeidde om å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen» over to år.
Du kan lese meir om Kunsten å lære her
Du kan lese meir om Kulturytring her
Du finn arrangementet under Kulturytring på Facebook her