Universelt utforma tursti.
Lars Gotaas
Kvardagsfriluftslivet har mykje å seie for den generelle folkehelsa. Merka turstiar, skiløyper, akebakkar, badeplassar, fiskeplassar, skogsområde og andre grøntareal i nærleiken av der folk bur, er viktige å ivareta og utvikle.
Støtte til enkelt og nært friluftsliv
Innlandet fylkeskommune arbeider derfor for at alle skal ha høve til naturopplevingar og friluftsliv i nærmiljøet sitt.
Sommaren 2025 vedtok fylkesutvalet støtteordninga «Friluftsliv – enkelt og nært i Innlandet», og løyvde 2,3 millionar kroner. Føremålet med ordninga er å fremje friluftslivet i nærmiljøet. Det er dette prosjektet som no har fått støtte frå dei to sparebankstiftingane. Dermed aukar potten til nærfriluftsliv i Innlandet med heile 20 millionar kroner.
– Fylkeskommunen skal bidra til å halde oppe allemannsretten, ivareta friluftsinteressene i regional og kommunal planlegging, bidra til å sikre og legge til rette friluftslivsområde og stimulere innbyggarane i fylket til helsefremjande og miljøvennleg friluftslivsaktivitet, seier leiar for hovudutval for kultur i Innlandet fylkeskommune, Tom Svellet (Ap).
Han seier vidare at dette prosjektet er midt i blinken for desse ambisjonane.
– Det er veldig positivt og viktig at samfunnsnyttige stiftingar og det offentlege samarbeider om denne typen prosjekt.
Tilgjengelege og attraktive nærmiljø
– Vi er glade for å kunne bidra til tilgjengelege og attraktive nærmiljø for å skape eit løft for friluftslivet. Det er positivt at fylkeskommunen har den koordinerande rolla for å utvikle opne og inkluderande møteplassar i kommunane, seier gåvesjef i Sparebankstiftelsen Hedmark, Kristin Vitsø Bjørnstad.
Leiar for natur og friluftsliv i Sparebankstiftelsen DNB, Sissel Karlsen, seier dei er stolte over å kunne bidra saman med Sparebankstiftelsen Hedmark.
– Vi er opptekne av at folk skal ha tilgang i til natur, turområde og møteplassar som er lett tilgjengelege, og der det er låg terskel for å vere i aktivitet. Vi ønsker Innlandet fylkeskommune lykke til med prosjektet, seier Karlsen.
Minst eitt større tiltak i kvar region
Det var prosjektleiinga i fylkeskommunen som søkte begge stiftingane for å kunne gjennomføre og tildele midlar til gode prosjekt.
– Begge gav full pott på ti millionar kroner kvar. Det er vi svært glade for, seier prosjektleiar i Innlandet fylkeskommune, Tuva Eiklid.
Ho seier vidare at tilskota bidreg til å skape stor meirverdi i prosjekt som kommunane sjølv meiner er viktig for å skape gode lokalsamfunn.
– Dette sikrar at fleire får tilgang til lågterskel friluftsliv med møteplassar som er universelt utforma. Utgangspunktet er minst eit større tiltak i kvar region.
Kommunar og friluftsråd kan søke
Kommunar og friluftsråd i Innlandet kan søke på ordninga. Det blir oppmoda til samarbeid med frivillige lag/foreiningar i planlegging og gjennomføring.
Første runde med søknader er allereie gjennomført. Det er nye søknadsfristar 15. mai og 15. september 2026. Prosjektperioden er ut 2027.
– Dette er eit pilotprosjekt som vi håpar kan vere til inspirasjon for ei større nasjonal satsing, avsluttar Eiklid.
Her kan du lese meir om støtteordninga og søke midlar til prosjekt lokalt.