2, 2 millionar til kunst og kultur

Det er løyvd støtte til kunstnarresidensar, kulturaktivitet for barn og unge, samt omdisponert midlar til UKM-arbeid.

Raud gamal låve med kvite kantar. - Klikk for stort bildeNatthagen kunstnarresidens er ein av søkarane som har fått midlar. Natthagen kunstnerresidens

Det er hovudutval for kultur som har vedteke dette i dag.

Kulturaktivet for barn og ungdom

Ordninga har som føremål å styrke og løfte barne- og ungdomskulturfeltet ved å gi økonomisk stønad til kunstnarleg aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt. 

Prioritert målgruppe er arrangørar som utviklar og gjennomfører kunstnarleg aktivitet for og med barn og ungdom i Innlandet. 

Det kan verte løyvd tilskot til prosjekt som er med på å realisere Innlandet fylkeskommune sin vedtekne kulturstrategi. Ein hovudambisjon i denne strategien er å sikre at barn og ungdom i Innlandet har god tilgang til verdifulle møteplassar som aukar deltaking og utviklingsmoglegheiter innan kunst- og kulturfeltet. 

Desse har fått støtte i 1. tildelingsrunde i 2025:

Kunstnerisk aktivitet for barn og ungdom 2025
Søkar/organisasjonTiltak/aktivitetRegionTildeling
Musicals i GjøvikMusicals i Gjøvik 2025Gjøvikregionen50 000
Glasslåven kunstsenterKunstgartnerietHadelandsregionen50 000
GrymyrgjengenAnnie førestillingHadelandsregionen10 000
Tater-Millas vennerArrangement på Tater-Millas husSør-Østerdalsregionen75 000
Gudbrandsdal Streetdance foreningG-Valley Battle 2025Midt-Gudbrandsdalregionen60 000
Elverum barne- og ungdomskorpsVintertreff for korpsbarn og ungdomSør-Østerdalsregionen35 000
Den Norske Ballettskole, Valdres ASValdres sommerballett 2025Valdresregionen60 000
PS: DansThe BlastHamarregionen60 000
Norges Husflidslag - Husflidskonsulenten i OpplandSommarskular, kunstopplevingar for barn og unge innan husflid og handverkInnlandet100 000
Hov barne- og ungdomsteaterFellesprosjekt kulturskole og teaterGjøvikregionen50 000
Hedmark 4HKunst/kulturaktivitet og kulturinnslag fylkesleirHamarregionen20 000
Galleri TØYsentralenLyst - spel Fri og bevareNord-Østerdalsregionen40 000
4H OpplandKultur og skapargledeOppland25 000
Holmgård konsert- og kulturproduksjonHolmgårdoperaenSør-Østerdalen60 000
Livsglede for eldreLivsgledekabaret 2025Kongsvingerregionen15 000
Valdres barne- og ungdomsteaterAnnieValdresregionen50 000
Gjøvik kunstforeningMed syskjenbånet som inspirasjon (sic.)Gjøvikregionen20 000
Foreningen Sommerteateret på AtlungstadBarneførestilling på Atlungstad BrenneriHamarregionen50 000
Defrost Youth ChoirSommarakademi med ungdommarHamarregionen40 000
Totalt tildelt beløpAlle tiltakAlle regionar870 000

Innstilinga vart einstemmig vedteken. 

Det kom inn 35 søknader og 19 av dei fekk tilskot.  For 2025 er det sett av 1 550 000 kroner til denne tilskotsordninga. 680 000 kroner står att til andre søknadsrunde med frist 1. mai 2025. 

Av erfaring er det flest søknadar i første runde og færre søknadar til andre tildelingsrunde. Difor vert brorparten av midlane fordelte no. 

Kunstnarresidensar

Hovedutval for kultur har løyvd 1 370 000 kroner til 16 ulike kunstnarresidensar. Denne støtteordninga har som føremål å bidra til å styrke grunnlaget for at kunstnarar kan bu og arbeide i Innlandet. Kunstnarresidensane skal auke kunst- og kulturproduksjon, og meir nasjonal og internasjonal utveksling på kunst- og kulturfeltet i fylket. 

Residensane skal óg bidra til styrking av arena og infrastruktur for produksjon og formidling av profesjonell kunst i Innlandet. 

Desse har fått støtte i 2025:

Tildelinger til kunstnerresidenser 2025
SøkarKommuneTildeling
Atelier Austmarka, Gitte SvensenKongsvinger90 000
Børsen kunstnerresidens, Håvard Skaset, Guro MoeStange80 000
Crafts in Residence, Isfrid Angard SiljehaugDovre40 000
KULturhuset i Nordherad, Vegard og Mette VårdalVågå60 000
Loftet AiR, Juliane BaySør-Fron60 000
Natthagen AiR, Trond Einar Solberg IndsetvikenElverum80 000
PS:Residens, Therese SlobHamar90 000
Ringsveen kunstnerhjem, Solveig Lønseth, Andreas ÖhmanLillehammer90 000
Rudi Gard kunsnsterresidens, Øystein RudiSør-Fron80 000
Saksumdal Tempel, Siri Leira og Tarald WassvikLillehammer80 000
Senter for keramisk kunst, Torbjørn KvasbøRingebu130 000
Skåbu Artist Residence, Patrick HuseNord-Fron120 000
Strand kunstresidens, Astrid GrosethRingsaker120 000
The Rock – Eker Gård, Annie OnsagerØystre Slidre80 000
Trollfilm Studios, Anita Killi, Claus GladyszakDovre90 000
Vinterlandbruksskolen, Ola SendstadRingsaker80 000
Totalt tildelt tilskotAlle kommunar1 370 000

Innstillinga vart vedten med 9 mot 2 stemmer. 

Innan søknadsfristen 1. november i 2024 kom det inn 18 søknadar.

Stimuleringsordning for UKM 

Det vert oppretta ein eingongs stimuleringsordning der målet er å bidra til auka UKM-aktivitet og synleggjering av tilbodet. Saka omhandla omdisonering av 200 000 kroner frå UKM-budsjettet til UKM-arbeid i komunane.

Kommunane i Innlandet kan søke midlar i storleik 5 000–20 000 kroner. 

Innstillinga vart einstemmig vedteken. 

Saksdokument