19 kulturtiltak får tilskot

Hovudutval for kultur fordelte 615 000 kroner til kulturaktivitetar for barn og ungdom onsdag.

Illustrasjon på barn på skulderen til voksen under arrangment.  - Klikk for stort bilde Mostphotos

Ordninga har som føremål å styrke og løfte barne- og ungdomskulturfeltet ved å gi økonomisk stønad til kunstnarisk aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt. 

Prioritert målgruppe er arrangørar som utviklar og gjennomfører kunstnarisk aktivitet for og med barn og ungdom i Innlandet. 

– Kultur er med på å forme barn og unge til nytenkande, kritiske og engasjerte menneske. Dei skal ha moglegheiter for sosiale møteplassar som stimulerer til meistring, skaparglede og tilhøyrsel, seier leiar for hovudutval for kultur, Tom Svellet (Ap). 

Attraktive lokalsamfunn i heile Innlandet

Han er oppteken av at ungdom skal ha gode levekår, utviklingsmoglegheiter, arenaer og attraktive lokalsamfunn i heile Innlandet .  

– Ein god, aktiv og trygg oppvekst i Innlandet er viktig for utvikling, tilhøyrsel, reiselyst og tilbakeflytting til regionen, seier Svellet.

To tildelingsrunder

Det er sett av 1 550 000 kroner til tilskot til kulturaktivitetar for barn og ungdom i 2024. Ordninga har to tildelingsrunder per år. I første runde med søknadsfrist 1. november 2023 blei det løyva 935 000 kroner. 

I 2. søknadsrunde er det 19 ulike tiltak som har fått tildelt midlar av det gjenståande beløpet på 615 000 kroner.  Saka vart einstemmig vedteken i hovudutval for kultur onsdag 26. juni. 

Desse har fått tilskot: 

Tilskot til kulturaktivitet for barn og ungdom
Søkar Tiltak Tildelt
Åsnes kommune Veggkunst for tilhørighet 25 000
Sømådalsopplevelser AS Barnas Irskhælj 15 000
PS:Prosjekter MOVE- dansefstival også for de unge! 35 000
4H Oppland Tradisjonshåndtverk i 4H 30 000
Opsal Gard`s Venner BEVER 4EVER 30 000
Julie Buflod Torp Låtskriverkurs for ungdom 30 000
Ivaregga Ska Kurs i folkesang og sangleikar 15 000
G-Valley battle 2024 Gudbrandsdal Streetdansforening 50 000
Hamar Janitsjarskole Et attraktivt ungdomskorps på Hedmarken 50 000
OFFSCEN Nordisk Scenekamp Forbund Sommar-symposium på Hadeland 30 000
Turnekompaniet Create Dangerously – med ungdom 40 000
Ularm Kongsvinger ULARM 2024 – dans, musikk og teater 30 000
Jaren Hornmusikkforening Jaren Ungdomsbrassband (JUB) 15 000
Defrost Youth Choir Oppstart av barnekor 25 000
Loftet dansestudio Workshops og dansecamp på Loftet dansestudio 20 000
Tolga skolemusikkkorps Spillglede i Fjellregionen 25 000
Kulturhjerte AS Kulturhjerte 2024/2025 50 000
Kopparleden teaterlag Samlingsbaserte teaterkurs - forberedende arbeid til Anna i ødemarka 2025 35 000
Mjøsvasen Aiaiai – en skaperfest 65 000
Totalt 615 000