1,8 millionar til verneverdige bygg og anlegg

Hovudutval for kultur har løyvd midlane til 23 ulike prosjekt i Innlandet. 

Gamle bygninger med gras på taket ved eit vatn. - Klikk for stort bildeIllustrasjonsbilde Unni Tveiten Grøtberg, Innlandet fylkeskommune.

Innlandet fylkeskommune ønsker med desse tilskota at fleire bygningar og anlegg, også dei utan formell vernestatus, kan bli tekne vare på for framtida. 

Sjølv om fylkeskommunen bidreg med forholdsvis små tilskot til dei fleste av prosjekta, vil tilskotet likevel vere viktig for å utløyse tilskot frå andre eksterne bidragsytarar, og istandsettingsprosjekta gagnar lokalt næringsliv. 

Mange av bygningane brukast i næring, som landbruk, turisme og friluftsliv.

Desse har fått tilskot:

Verneverdig bygg - tilskot 2025
KommuneProsjektTilsegn
ÅsnesBjertnes, kjellarbu60 000
ElverumSøndre Strand, gamle våningshuset25 000
ÅsnesSundet, bu45 000
EngerdalVestre Sorken, våningshus 50 000
EngerdalStorbekken, fjøs75 000
VålerNedre Halberget, låve90 000
Nord-FronKrok, kvernhus90 000
EidskogOppistun Børli, fjøs og låve120 000
Østre TotenØstre Kvem, våningshus70 000
Sør-FronNordre Eldålia seter, sel55 000
ÅmotSerberhuset45 000
LesjaSkreabakken, husmannsstue100 000
GjøvikSnartumssveum, husmannsstue100 000
KongsvingerHerdahlsgården50 000
TynsetFrydenlund, Auma, taterhus150 000
Sør-AurdalEtna stasjon, vokterbolig80 000
Øystre SlidreRøysestogo70 000
VågåGamle Vågåbue100 000
RendalenHandelsstedet   Aasheim90 000
KongsvingerSteinreisberget, smie45 000
Nord-AurdalSteinde, «kapteinsbygningen»50 000
GjøvikTidlegare tremassefabrikk, fyrhuset 140 000
Stor-ElvdalKoppangshammeren, barfrøstue100 000
  1 800 000

Innstillinga vart einstemmig vedteken. 

Kom inn 50 søknadar

Søknadsfristen til Innlandet fylkeskommune var 1. november 2024, og det kom inn 50 søknadar med ein samla søknadssum på om lag 7,6 millionar kroner. 

Her kan du lese sakspapira PS 5/2025.