Fylkesordfører - Innlandet fylkeskommune

Fylkesordfører

Even Aleksander Hagen er den første fylkesordføreren i Innlandet. Han representerer Arbeiderpartiet, og styrer fylket med støtte fra Senterpartiet. Aud Hove (Sp) er fylkesvaraordfører.

Klikk for stort bilde Kirsti Hovde/Innlandet fylkeskommune

Hjartet mitt bankar for Innlandet. Fylket vårt har høge fjell og djupe dalar, men samtidig vakre bølgjande kulturlandskap og urbane mjøsbyar. Vi har eit levande kulturliv og ein rik kulturarv. Innlandet er landets største landbruksfylke, og vi har sterke miljø innan teknologi, bioøkonomi, industri og reiseliv. Her har vi rett og slett eventyrlege moglegheiter.

Eg vaks opp på Otta, nord i Gudbrandsdalen. Femten år gamal vart eg valt inn i Ungdommens fylkesting i Oppland, og det vervet sådde eit politisk frø som seinare spira til det vervet eg har i dag. Samstundes fekk eg min første sommarjobb bak på søppelbilen hos besteforeldra mine i Grønns Renovasjon.

Kanskje var det denne erfaringa kombinert med dei «grøne» barne tv-programma Blekkulf og Kykkelikokos som vekte engasjementet mitt for berekraft. Det har eg framleis med meg, og saman med dei andre fylkespolitikarane i Innlandet vil eg setje eit tydeleg grønt avtrykk på politikken vår.

Dette er viktig arbeid: Vi legg FNs 17 berekraftsmål til grunn for arbeidet med å bygge Innlandet. Motivasjonen vår er å gjere verda til ein litt betre stad. Nokon vil kanskje meine at det er naivt. Det får så vere. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko, og vi er avhengige av handling på alle plan for å møte klimautfordringane.

Innlandet er ikkje berre blanke ark og fargestiftar – vi skal føre vidare det beste frå det som fram til no har vore Hedmark og Oppland. Men no står vi her saman, og saman skal vi gjere vårt beste for at heile Innlandet framleis skal vere ein god plass å bu og leve.         

Innlandet fylke skal vere eit fylke med sterke røter og store draumar. Vi vil spele på lag med alle gode krefter i samfunnet for å realisere dette. Saman skal vi bygge eit nytt fylke.

Even Aleksander Hagen
Fylkesordførar i Innlandet

Til toppen