Storsatsing på lokalprodusert mat

Innan 2030 skal minst 50 prosent av mat som blir servert i fylkeskommunal regi, ha sitt opphav i regionen. 

Gulrøtter, løk og andre grønnsaker i grønne kasser. - Klikk for stort bilde Oppland fylkeskommune/Jørgen Skaug

Ein matstrategi skal følge det opp. 

Matfylket Innlandet er ei langsiktig satsing for å bygge Innlandet som ein sterk matregion gjennom å forsterke koplinga mellom landbruk, mat og reiseliv. Satsinga er òg Innlandet si oppfølging av regjeringa sin ambisjon for strategien «Matnasjonen Norge». 

Tiltak gjennom Matfylket Innlandet

Innlandets matløfte er eit tiltak gjennom satsinga Matfylket Innlandet med mål om å bygge ein sterkare matregion. Innlandet fylkeskommune var ein av dei første aktørane til å signere Innlandet sitt matløfte. 

Vedtaket i fylkesutvalet i dag er ei oppfølging av denne signeringa:

  • Mat som blir servert i fylkeskommunens regi skal ha ein tydeleg tilhøyring til regionen. I praksis betyr det at innan 2030 skal minst 50 prosent av maten (rekna ut frå kostnad) ha sitt opphav frå Innlandet eller nærliggande regionar. 
  • Det skal i tillegg utarbeidast ein matstrategi for Innlandet fylkeskommune som følger opp desse målsettingane, i tillegg til målsettingar innan folkehelse (sunn mat) og klima (matsvinn).    

Innkjøpsordninga står sentalt

Det var stor semje i fylkesutvalet om at satsing på lokalmat er viktig at og fylkeskommunen må gå føre i dette, både med tanke på verdiskaping og beredskap. 

– Produksjonen av råvarer er stor i Innlandet. Det er gode produkt og vi har fokus på sjølvforsyning. Det er meir fokus på beredskap og vi har reiselivsstrategien som har lokalmat i seg. Denne saka omhandlar fylkeskommunen si eiga rolle. Vi må gjere noko med eiga verksemd og auke bevisstheita rundt bruk av lokal mat, sa Per-Gunnar Sveen (Ap) frå talarstolen. 

Han peika på at innkjøpsordninga til fylkeskommunen står heilt sentral i dette. 

Saka vart einstemmig vedtatt.

– Sender eit kraftfullt signal

NHO Reiseliv Innlandet støttar fylkesutvalet sitt vedtak om auka bruk av lokalmat og utvikling av matstrategien for Innlandet. 

– Dette er eit viktig og riktig grep som både styrkar det lokale næringslivet og gir fylkeskommunen eit tydeleg verktøy for å levere på berekraft, verdiskaping og folkehelse. Eit mål om 50 prosent lokal eller regional mat innan 2030, sender eit kraftfullt signal til produsentar, leverandørar og innkjøparar – og vil bidra til å skape nye marknadsmoglegheiter, særleg for små og mellomstore matverksemder i Innlandet, seier styreleiar i NHO Reiseliv Innlandet, Johannes Nermo.

Nermo påpeikar at NHO Reiseliv Innlandet over tid har arbeidd for at lokalmat skal bli løfta høgare, både i offentleg og privat sektor.  

– No forventar vi at fylkeskommunen legg til rette for ein strategi som er mogleg å gjennomføre i praksis, tett forankra i næringslivet, og som stimulerer til innovasjon i heile verdikjeda – frå jord til bord. Vi i NHO Reiseliv Innlandet kjem til å bidra aktivt for å sikre at strategien blir ambisiøs, konkret og mogleg å gjennomføre.

– Viktig med tallfesta volum

Innlandet bondelag er òg godt nøgd med vedtaket.

– Vi i næringa oppfattar dette vedtaket som svært positivt. Det er viktig at det blir sett talfesta mål på volum i forhold til innkjøp av mat med opphav frå Innlandet. Det gir ei tydeleg og klar retning, seier leiar i Innlandet bondelag, Camilla Rostad.

Ho understrekar at Innlandet er matregion nummer ein i Noreg, og står for nesten 30 prosent av landet sin matproduksjon.

– Vi er eit Noreg i miniatyr. Her har vi alle produksjonar godt representert. Mange foredlingsverksemder i samvirke har tilhald i regionen side om side med nokre av verdas beste produsentar av lokalmat. Her finst mykje dyrebar kompetanse. For alle desse produsentane, små som store, er føreseielegheit viktig.  

Du kan lese meir i sakspapira her: PS 80/2025, Oppfølging av Innlandets matløfte

Forprosjekt nasjonalt senter for matkultur

Matløftet er ikkje einaste mat-saka som vart handsama i fylkesutvalet i dag. Politikarane  vedtok òg å etablere eit forprosjekt knytt til etableringa av eit nasjonalt senter for matkultur. 

Bakgrunnen for forprosjektet er at mange aktørar, nasjonalt og her i fylket, allereie jobbar innan området. Det er difor behov for eit forprosjekt som skal sikre eit godt fundament for etableringa av eit matkultursenter.  

Forprosjektet skal kartlegge behov, utgreie aktuelt innhald, organisering og forretningsmodell. 
Det er sett av inntil 850 000 kroner til ein ekstern prosjektleiar til gjennomføring av forprosjektet. Pengane er midlar som allereie er sett av til etablering av eit nasjonalt senter for matkultur. 

Forprosjektet blir oppsummert i ein rapport som skal leggast fram for politisk handsaming i april/mai 2026.

Du finn sakspapira her: PS 81/2025, Etablering av nasjonalt senter for matkultur – forslag til mandat for forprosjekt