Handlingsprogram for fylkesveger i Innlandet 2026–2029

Forord

Som leiar for samferdselsutvalet i Innlandet fylkeskommune er eg stolt av å presentere Handlingsprogram for fylkesveg 2026–2029. Dette dokumentet peikar ut retninga for korleis vi skal ta vare på, utvikle og fornye fylkesvegnettet vårt, til det beste for folk, næringsliv og lokalsamfunn i heile Innlandet.

Innlandet er eit stort og mangfaldig fylke med lange avstandar og spreidd busetnad. Fylkesvegane våre bind saman bygder og byar, menneske og moglegheiter. Vi forvaltar om lag 6 800 kilometer veg og omlag 1250 bruer, og mange av desse vart bygde i ei anna tid – med mindre trafikk og andre krav. Mange fylkesvegar er ikkje bygde – dei har berre vorte til. No merkar vi både tida si tann og eit klima som stiller stadig større krav til vedlikehald og tryggleik.

Difor gjer vi no eit krafttak. I dette handlingsprogrammet aukar vi ramma til 3,45 mrd. kroner. Målet er å stanse etterslepet og byggje eit meir robust og framtidsretta fylkesvegnett. Oppdraget vårt er å sikre trygge og framkommelege vegar for folk som bur, jobbar og reiser i Innlandet, enten det handlar om å kome seg til skule, arbeid, lege eller fritidsaktivitetar. Eit godt vegnett er avgjerande for trafikktryggleik, busetjing, næringsliv og livskvalitet. Det er ei stor oppgåve – men eg er stolt av det løftet vi no tek.

Innlandet er eit viktig vegkryss i landet, både i nord–sør- og aust–vest-aksen. Store delar av godstransporten i Noreg går gjennom vårt fylke. Eit velfungerande vegsystem her er difor ikkje berre viktig for Innlandet, men for heile landet. Samstundes spelar fylkesvegnettet ei sentral rolle i beredskapen. Når flaum, ras eller ulykker rammar, må vi ha trygge beredskapsvegar og robuste samband som toler påkjenningane. God beredskap handlar ikkje berre om naud og kriser – det handlar om å byggje eit samfunn.

Retninga vi tek byggjer på prinsippa i Nasjonal transportplan 2025–2036. Vi skal vedlikehalde der vi kan, og byggje nytt der vi må. Det handlar om å ta vare på verdiane vi allereie har, samstundes som vi satsar der behova er størst. Vi vil ha eit transportsystem som er effektivt, sikkert og berekraftig – tilpassa framtida sitt behov.

Vi står òg fast ved nullvekstmålet, som handlar om at trafikkveksten i byområda skal takast gjennom gange, sykling og kollektivtransport. Samstundes er nullvisjonen eit grunnfjell i alt vi gjer, med mål om null drepne og null hardt skadde i trafikken. Bak kvar ulykke finst menneske, familiar, vener, kollegaer og lokalsamfunn som vert ramma. Når vi planlegg, byggjer og vedlikeheld vegane våre, gjer vi det med desse menneska i tankane.

Dette handlingsprogrammet er resultatet av breitt samarbeid. Mange har bidrege i arbeidet, tilsette i fylkeskommunen, kommunar, Statens vegvesen, Nye vegar, næringsliv og kollegaer i fylkespolitikken. Eg vil takke alle som har lagt ned arbeid, engasjement og kunnskap i prosessen.

Med dette programmet tek vi eit stort steg vidare. Vi gjer Innlandet tryggare, meir tilgjengeleg og betre rusta for framtida. Vegnettet vårt skal vere noko folk kan stole på, kvar dag, heile året, i heile fylket.

 

Iselin Vistekleiven - Klikk for stort bildeIselin Vistekleiven Leiar for samferdselsutvalet Innlandet fylkeskommune Foto: Kirsti Hovde Kirsti Hovde