Regional plan for samfunnstryggleik

Planen er ein oppfølging av Innlandsstrategien. Forslag til plan er no ute på høyring med høyringsfrist 3. mars 2023. 

Regional plan for samfunnstryggleik skal

  • tydleggjere og legge grunnlag for vidareutvikling av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Innlandet.
  • ivareta samfunnstryggleiken der risikobilete for Innlandet sjåast i et breitt perspektiv.

Forslag til plan og andre sentrale dokument

Forslag til Regional plan for samfunnstryggleik er digital. 

Forslag til Regional plan for samfunnstryggleik 

Høyringsbrev Regional plan for samfunnstryggleik 2. desember 2022 (PDF, 184 kB)

Handsaming i fylkesutvalet 29. november 2022 - PS 139/2022

Innspel til planforslaget

Det er eit særleg ønske å få innspel på korleis omverda meiner planforslaget tek tak i utfordringane vi har i Innlandet (innan planen sine hovudtema), og kva som eventuelt manglar eller bør styrkast.

Vidare ønsker vi innspel på i kva grad omverda meiner planforslaget er eit godt verktøy for å gi retning, vidareutvikle og styrke arbeidet med samfunnstryggleiken i Innlandet.

Handlingsdelen (tiltak) må utviklast vidare. Vi ønsker innspel til kva tiltak de meiner må gjennomførast og prioriterast. Innlandet fylkeskommune vil ta initiativ til vidare samarbeid kring dette i høyringsperioden.

Innspel kan sendast på epost til post@innlandetfylke.no  eller per post til Innlandet fylkeskommune, Postboks 4404 Bedriftssenteret, 2325 Hamar.

Vi ønsker flest mogeleg innspel til dette planforslaget slik at planen skal bli så god og dekkande som mogeleg.

Høyringsseminar

Det blir arrangert to høyringsseminar 26. januar 2023 (fysisk på Lillehammer) og 31. januar 2023 (digitalt). Program blir lagt ut seinare, men du kan melde deg på allereie no. 

Meld deg på her.

FylkesROS

Statsforvaltaren i Innlandet har utarbeida ei risiko- og sårbarheitsanalyse for Innlandet (FylkesROS). Denne analysen er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for Regional plan for samfunnstryggleik.

FylkesROS (2022-2026) kan du lese her.  (PDF, 6 MB)

Her kan du lese "Statsforvalteren har analysert Innlandets sårbarheter" (publisert 31. oktober 2022).  

Bakgrunn

Etter at den regionale planstrategien, Innlandsstrategien, vart vedteken, bestemde fylkestinget at Innlandet skal ha ein regional plan for samfunnstryggleik.

Prosessen starta i januar 2021 med å utarbeide eit planprogram.

Alle regionale planane skal ha eit planprogram som seier noko om korleis planarbeidet skal føregå.

Planprogram Regional plan samfunnstryggleik (PDF, 3 MB)

11. oktober 2021 var det oppstartsmøte for arbeidet med sjølve planen. Det har vore ein brei prosess for å involvere so mange som mogeleg, mellom anna gjennom seminar i heile fylket. 

Framdriftsplan

  • 11. oktober 2021: oppstartsmøte for planarbeidet
  • mars 2022: fire medverknadsseminar i heile fylket
  • 31. oktober 2022 FylkesROS 2022 vart lagt fram av Statsforvaltaren i Innlandet 
  • 29. november 2022 fylkesutvalet vedok å legge forslag til plan ut på høyring.  
  • januar 2023 - høyringsseminar
  • 3. mars 2023: frist for å gi innspel til planen
  • Juni 2023: fylkestinget vedtek Regional plan for samfunnstryggleik
Til toppen