Olav Røssum frå Innlandet vart ny leiar i Fjellnettverket - Innlandet fylkeskommune

Olav Røssum frå Innlandet vart ny leiar i Fjellnettverket

Rådsmøtet i Fjellnettverket har vald nytt styre, og gudbrandsdølen Olav Røssum skal leie styret i dei to kommande åra.

Klikk for stort bildeOlav Røssum kjem frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen Kirsti Hovde / Innlandet fylkeskommune Styret i Fjellnettverket skiftast ut kvart fjerde år, i takt med kommunevala. Frå Innlandet fylkeskommune vart Olav Røssum vald inn som leiar, medan Odd Erik Holden frå Valdres Natur- og kulturpark er styremedlem.

Hanne Velure frå fylkeskommunen er 1. varamedlem, og Bjarne Eiolf Holø står på 3. varaplass. Holø har også i førre periode vore ein aktiv varamedlem, og har møtt på mange styremøte.

Innlendingar som gjekk ut av styret var Arnfinn Nergård frå Hedmark fylkeskommune, Aud Hove frå Oppland fylkeskommune, Ragnhild Aashaug frå Fjellregionen og Kjell Berge Melbybråten frå Valdres. 

Interessante og utfordrande tal i Fjellindeksen

Knut Vareide frå Telemarksforsking presenterte Fjellindeksen på Rådsmøtet. Denne har nå vorte digital og interaktiv, slik at ein kan sjå utviklinga i arbeidsmarknad og folketal for alle fjellkommunar på nettstaden regionalanalyse.no.

Fjellkommunane har samla sett ei dårlegare utvikling i talet på arbeidsplassar enn landet sett under eitt, og folketalsutviklinga dei siste to åra er skremmande for mange fjellbygder. Vareide hevda at prognosane frå Statistisk Sentralbyrå er for optimistiske, og at nedgangen i folketalet i fjell- og andre distriktskommunar vil bli stor nå som innvandringa har gått ned.

Mange innspel

Klikk for stort bildeAvtroppande styremedlem Arnfinn Nergård presenterte handlingsplanen for Rådsmøtet. Torunn H. Kornstad, Innlandet fylkeskommune Handlingsplanen for Fjellnettverket dei to neste åra vart diskutert, med mange innspel frå møtedeltakarane. Medlemmane vil at Fjellnettverket skal engasjere seg i fleire saker som er viktige for fjellområda, frå fjellandbruk til dekninga for både mobiltelefon og breiband.

Det vart også sagt tydeleg at det prioritering er nødvendig, slik at sekretariatet og det nye styret får klare signal om kva dei skal arbeide mest med framover.

Om Fjellnettverket

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for fylkeskommunar, regionråd og kommunar i fjellområda i Sør-Noreg. Det skal vera ein pådrivar for politikk som sikrar at ressursar og verdiar i fjellområda gir grunnlag for utvikling og trivsel i fjellbygdene.

Innlandet fylkeskommune og fem av regionråda i fylket er aktive medlemmar. Elles er det medlemmar frå Setesdal i sør til Trøndelag i nord.

Administrasjonen til Fjellnettverket er lokalisert på Geilo, med Kari Randen som dagleg leiar. Leiar for mat- og reiselivsprosjektet til Fjellnettverket, Elin Halland Simensen, arbeider også derifrå. Fjellnettverket har dei tre siste åra vore ansvarleg for Fjell-Norge si deltaking på Grüne Woche i Berlin.

Klikk for stort bildeRådsmøte i Fjellnettverket 2020, med dagleg leiar Kari Randen Torunn H. Kornstad, Innlandet fylkeskommune

Til toppen