Fylkeskommunen skal forvalte utviklingsmidla i landbruket - Innlandet fylkeskommune

Fylkeskommunen skal forvalte utviklingsmidla i landbruket

Fra nyttår overtok fylkeskommunen ansvaret for utviklingsmidla i landbruket frå fylkesmannen. Nå heiter dei "regionale tilretteleggingsmiddel."

Klikk for stort bildeSnart er det våronn ved Mjøsa Torunn H. Kornstad

Midla blir lyst ut nå, med søknadsfrist 30. april. Frå før forvaltar fylkeskommunen også midla til rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og desse to ordningene blir lyste ut saman.

Jord- og skogbruk er svært viktige næringar i Innlandet, og fylkeskommunen skal samarbeide tett med fylkesmannen og faglaga i landbruket om korleis desse midla skal forvaltast på ein best mogleg måte for fylket vårt.

Utvikling innan landbruket

Føremålet med begge støtteordningane er å styrke verdiskapinga i landbruket, gjennom tiltak for næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving. Det kan løyvast tilskot til fellesprosjekt som styrkar landbruket.

Den einskilde bonden eller landbruksbedriften kan ikkje søke om finansiering her, da det er Innovasjon Norge som er rett adresse for utvikling av enkeltbedrifter.

Regionale tilretteleggingstiltak

Denne ordninga heitte tidlegare "Utviklingsmiddel innan landbruket", og vart forvalta av fylkesmannen. Her er det prioritert tiltak og prosjekt som gir auka produksjon innan jord- eller skogbruk, utvikling av bygdenæringar, eller også tiltak som kan gi auka optimisme og framtidstru.

Rekrutterings- og kompetansetiltak

Innan denne ordninga blir det prioritert tiltak som styrkar rekruttering til landbruksutdanning, etterutdanningstilbod for næringsutøvarar, og generelle prosjekt for auka rekruttering og likestilling i landbruket.

Ettersom begge støtteordningane nå blir forvalta av fylkeskommunen kan det heretter bare sendast inn ein søknad per prosjekt.

Meir informasjon om ordningane finn du her. 

Søknader om finansiering må sendast inn via nettstaden regionalforvaltning.no. Der finn du også fullstendig informasjon om tilskotsordningane.

Til toppen