Utvidar Grønn framtid-fondet til heile Innlandet - Innlandet fylkeskommune

Utvidar Grønn framtid-fondet til heile Innlandet

150 grøne forretningsidéar i Oppland har fått 50 millionar i støtte sidan 2017. No utvidast ordninga med 12 millionar.

– Oplandske Bioenergi AS på Rudshøgda er ei av bedriftane som har motteke støtte frå næringsfondet Grønn framtid, fortel dagleg leiar Einar Stuve. - Klikk for stort bilde– Oplandske Bioenergi AS på Rudshøgda er ei av bedriftane som har motteke støtte frå næringsfondet Grønn framtid, fortel dagleg leiar Einar Stuve. Rune René Kristiansen, Innlandet fylkeskommune Fylkesutvalet i Innlandet vedtok tysdag å opprette næringsfondet Grønn framtid Innlandet som ei vidareføring av den eksisterande støtteordninga Grønn framtid i Oppland. Dermed utvidast ordninga frå berre å gjelde gamle Oppland fylke til heile Innlandet.

– Grønn framtid i Oppland har vore ein suksess som vi ønskjer å vidareføre i Innlandet, seier leiar i hovudutval for næring, Per-Gunnar Sveen.

– Tilbakemeldingane frå mottakarane er at fondet opplevast som eit lågterskeltilbod som supplerer Innovasjon Norge og resten av verkemiddelapparatet. Følgjeforsking gjort av Oxford Research viser at fondet har bidratt til at grøne idear har blitt til mange nye, grøne arbeidsplassar.  Så langt kan nesten 100 nye arbeidsplassar knytast til føretak som har fått støtte frå Grønn framtid i Oppland.

– Næringsfondet Grønn framtid har bidratt til å skape nesten 100 nye arbeidsplassar, seier leiar i hovudutvalg for næring, Per-Gunnar Sveen. No utvidast ordninga til å gjelde bedriftar i heile Innlandet. - Klikk for stort bilde– Næringsfondet Grønn framtid har bidratt til å skape nesten 100 nye arbeidsplassar, seier leiar i hovudutvalg for næring, Per-Gunnar Sveen. No utvidast ordninga til å gjelde bedriftar i heile Innlandet. Kirsti Hovde / Innlandet fylkeskommune – Avgjerande støtte

Oplandske Bioenergi AS har fått støtte frå Grønn framtid i Oppland to gonger i forbindelse med etableringa av Norges første kommersielle anlegg for karbonfangst på Rudshøgda.

– Støtta frå Grønn framtid kom på eit veldig gunstig tidspunkt i vårt utviklingsarbeid, og har vore avgjerande for at vi har kome dit vi er i dag, seier dagleg leiar Einar Stuve.

– No er vi i front av biokolutviklinga i Norge, og er i ein veldig gunstig posisjon for å ta marketsandelar. Som ein direkte følgje av støtta frå Grønn framtid har det per no blitt skapt tilsvarande eitt årsverk hos oss, men ringverkingane for våre leverandørar har vore mye større.

15 millionar

Føremålet med Grønn framtid Innlandet er å vere ei lågterskelordning som fremmer verdiskaping som gjev positiv effekt på klimaet og/eller miljøet, og å skapa nye, grøne arbeidsplassar i Innlandet. I tillegg til dei 12 millionane som er tildelt, kjem 1,2 millionar frå Grønn framtid Oppland, og pengar som blir trekte inn frå prosjekt som ikkje blir gjennomførte. Totalt vil det difor vera om lag 15 millionar kroner tilgjengeleg for bedriftene.

Bedriftene som søkjer på ordninga må vera registrerte og ha hovudaktiviteten sin i Innlandet.

Dette kan du søkje om

Grøn framtid Innlandet kan gje støtte til:

  • Utvikling av idéar som gjev god miljø- eller klimaeffekt samtidig som det er potensial for auka verdiskaping og sysselsetjing.
  • Idéen som skal utviklast bør vera ny i Innlandet, helst også nasjonalt, og gjerne internasjonalt.

Det går ikkje an å søkje støtte til ordinære driftskostnader og investeringar.

Les meir om Grønn framtid Innlandet her.

Maksimalt tilskotsbeløp er 300.000 kroner. Nystarta og nyetablerte bedrifter kan tildelast 60 prosent tilskot av godkjente kostnader, mens bedrifter eldre enn 5 år kan tildelast 50 prosent tilskot av godkjente kostnader. Maksimal timesats er 500 kroner.

Næringsfondet Grønn framtid Innlandet er meint som eit supplement, og prosjekt som fell inn under andre offentlege støtteordningar vil ikkje få støtte.

Fortløpande behandling

Søknadane til Grønn framtid skal sendast inn via regionalforvaltning.no. Det blir snart opna for å sende inn søknader, dette vil skje seinast måndag 4. oktober.  Det er foreløpig ikkje faste søknadsfristar, og søknadane blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

I søknaden bør du legge vekt på kvifor dette prosjektet vil gje ein positiv effekt på miljø/klima, kva som er nytt (innovasjonsgraden), og potensialet for verdiskaping, auka sysselsetjing og ringverknadar.

Dei fullstendige kriteria for ordninga kan du lesa her (PDF, 566 kB)

Til toppen