I heile Europa diskuterer ein framtida til bygdene og utkantane.
Står regionalpolitikken ved eit vegskille?
Gjer tiår med flytting internt i land og ei tiltakande aldring i mange lokalsamfunn at måla og verkemidla i politikken bør endrast?
- Er det vorte viktigare å skaffe «folk til jobben» enn å fremje ny sysselsetting?
- Kan heilskapleg, kunnskapsbasert lokal planlegging og stadsutvikling vera med å leggje til rette for ei balansert samansetjing av unge og gamle i busetnaden på bygdene?
- Kva rolle skal småbyen ha i den grøne og digitale omstillinga?
Desse spørsmåla og fleire, vil europeiske forskarar og samfunnsutviklarar kaste ljos over den 21. april på denne opne workshopen i regi av EUs forskingsprogram ESPON.
Program og påmelding
Sjå programmet her (PDF, 415 kB)
Gå til påmelding