Vil samle ungdom med hærpiler - Innlandet fylkeskommune

Vil samle ungdom med hærpiler

Utdeling av hærpiler til ungdommar i Innlandet – ein turné som skal samle unge menneske på Hundorp 31. juli.

Her er gjengen som skal samle ungdom frå heile fylket til tusenårsfest med hærpiler: Frederik Feiler (frå venstre), Johanne Dalsbø, Nikoline Scheie og Martine Rannstad. - Klikk for stort bildeHer er gjengen som skal samle ungdom frå heile fylket til tusenårsfest med hærpiler: Frederik Feiler (frå venstre), Johanne Dalsbø, Nikoline Scheie og Martine Rannstad. Mariann Bjelle/Innlandet fylkeskommune I samband med at Tusenårsmarkeringa Hundorp 2021 har sitt største arrangement på Olsok, nemleg Tusenårsfesten, ønskjer ungdom frå Sør-Fron å invitere ungdom frå heile Innlandet fylke og Norge, til Hundorp.

Det var lenge uvisst om det kom til å bli tusenårsfest på grunn av korona, men heldigvis vert det ein realitet og ein kan gå breitt ut.

Ungdommens dag

Hundorp 2021 si hovudmålgruppe er born og unge.

Dag 3 på Tusenårsfesten er programmet spesielt retta mot ungdom. Det er unge frå både Sør-Fron, Gudbrandsdalen men også andre stader i fylket som står på scena. Det er nasjonale stjerner og lokale stjerner saman. Innhaldet består av dialog, appell, slampoesi og ny musikk. Heilt til slutt er det HKEEM som rundar av festen. 

Les meir om programmet for 31. juli.

Kva er notidas klubbeslag?

Det står i Snorre-sagaen at då Dale-Gudbrand får høyre at kongen Olav Haraldsson er på veg nedover dalen «skar han hærpil og stevnet alle dølene til å møte ham på den gården som heter Hundorp».

Denne gangen er det altså på nytt eit ønskje om å samle så mange som er lov på Hundorp.

Det i seg sjølv, å samle ungdommar på Hundorp, er eit signal i tida. Unge menneske har vist at dei kan gje beskjed, stå opp og markere seg i viktige saker. Dette er spesielt synleg i miljøkampen.  

Kva er notidas klubbeslag? Kva meiner unge menneske om å bu i Norge i dag og korleis ser dei på framtida? Kva bodskap vil dei sende frå Hundorp i 2021, som Nasjonaljubileet kan ta med seg vidare inn i jubileumsstafetten?

På turné i heile fylket

For å samle ungdommen skal to jenter frå Sør-Fron, Nikoline Scheie og Martine Skibenes Rannstad, dra Innlandet rundt for å møte ulike ungdomsgrupper, eller vaksne som best kan representere dei unge i kvar enkelt kommune. Turneen startar onsdag 14. juli og held på til søndag 18. juli.

På den tiden skal dei ha rukke å svinge innom store delar av dei 46 kommunane i Innlandet med sin invitasjon, den sjølvlaga hærpila (meir om hærpil seinare). Kven som møter dei på turneen gjenstår å sjå, men målet er å skape blest om Hundorp, historia og Sør-Fron.

Dei skal også ta seg tid til å reflektere over tema som kjeldekritikk, religion, rasisme og framtid mm.

Roadtrip på sosiale medier

Tema for Hundorp 2021 er kulturmøte og endring, og dette blir også kommentert på turen.

Med på turneen, eller roadtripen, som vi også kallar det, er og Johanne Dalsbø (leiar i Ungdommens fylkesting) og Frederik Feiler (tidligare leiar i UFT). Dei meldte seg frivillig til å bli med då dei fekk høyre om planane og gler seg til å dra fylket rundt på denne måten.

Frederik vil sørge for å dokumentere og publisere små snuttar og foto frå turneen på Hundorp 2021 sine sosiale medier.

Følg turneen her:

INSTAGRAM: instagram.com/hundorp2021/
Sjå spesielt på storyane på Instagram, for å få vite meir om arbeidet bak programmet for laurdag 31. juli.  

FACEBOOK: facebook.com/hundorp2021

Hundorp 2021

Hundorp 2021 er ei markering av ei hending som skal ha skjedd på Hundorp for tusen år sidan; Det såkalla klubbeslaget, møtet mellom Olav Haraldsson (seinare Olav den heilage) og Dale-Gudbrand. Snorre Sturlasson skriv om dette møtet i sagaforteljinga Heimskringla.

Korvidt det er sant og faktisk har skjedd, diskuterast. Men at det har vorte ei viktig forteljing og viktig for historia om Norge, det er i alle fall sant.

Historia om Norge slik vi kjenner det i dag, startar med Olav den heilage. Hundorp i 2021 set i gang den 10-årige reisa til Nasjonaljubileet NORGE I TUSEN ÅR der heile landet skal vere med på jubileet.

På Hundorp er det duka for tusenårsfest 29–31. juli. Dette er eit stort arrangement, der alle er invitert. 

Hærpiler vart brukt for å samle bønder til kamp, for tusen år sidan. No brukar vi det for å samle ungdommar tusen år seinare, til eit fredeleg treff og kulturarrangement.

Hærpiler ble brukt for å samle folk. - Klikk for stort bilde

Hærpil-turneen 14.–18. juli:

Dag 1: onsdag 14. juli
Her er gjengen som skal samle ungdom frå heile fylket til tusenårsfest med hærpiler: Frederik Feiler, Johanne Dalsbø, Nikoline Scheie og Martine Rannstad - Klikk for stort bilde Mariann Bjelle/Innlandet fylkeskommune Gudbrandsdalen nord mot Lom
Sør-Fron – Beitostølen (med diverse stopp i Nord-Gudbrandsdalen)
Oppmøte Hundorp kl.11:00

Dag 2: torsdag 15. juli
Valdres Beitostølen – Trysil via Våler (som har jubileum i 2022)

Dag 3: fredag 16. juli
Sør-Østerdal og Fjellregionen, vidare til Dombås og Gudbrandsdalen Nord

Dag 4: lørdag 17. juli
Pause

Dag 5: søndag 18. juli
Hamar, Ringsaker og sør i Gudbrandsdalen (inkl. Lillehammer) 
Retur Sør-Fron lørdag ettermiddag/kveld

Ungdommane som inviterer til Hundorp:

Nikoline Scheie frå Sør-Fron likar å spele fotball og vere saman med venner. Ho likar å bu i Sør-Fron fordi at alle kjenner alle og det er mange turmoglegheiter. Ho gler seg til å møte nye folk og å kunne vekkje interesse for Sør-Fron.

Martine Skibenes Rannstad er veldig glad i å vere med venner og å vere ute. Det er ekstremt fin natur i Sør-Fron og det er flott. Bra også at ein kjenner dei fleste, som gjer det trygt og heimekoselig. Martine gler seg til å sjå nye stader, sjå fin natur og møte nye menneske.

Johanne Dalsbø frå Stange er leiar for Ungdommens fylkesting i Innlandet. Ho går for tida på ein bachleor i samanliknande politikk på universitetet i Bergen. I tillegg jobbar ho som sømjelærar og har ulike politiske engasjement og verv.

Frederik Feiler kjem frå Gjøvik og er tidlegare leiar for Ungdommens fylkesting. For tiden studerar han Art Direction i Oslo medan han jobbar på Eplehuset ved sidan av. Han har også eige firma, der han jobbar med visuell kommunikasjon og prosjektleiing.

Ungdommane kan nåast underveis på turneen:  
Johanne Dalsbø:  tlf. 941 45 435 
Frederik Feiler:  tlf. 971 54 424 

Samarbeid mellom fleire

Hundorp 2021 er arrangert av Sør-Fron kommune med Innlandet fylkeskommune som medarrangør. Hundorp 2021 inngår i Nasjonaljubileet – NORGE I TUSEN ÅR.

Hærpil-turneen er eit samarbeid mellom Sør-Fron kommune, Innlandet FK og Ung i Midtdalen.

Til toppen