No kan store kunst- og kulturinstitusjonar søkje støtte

Det er organisasjonar, institusjonar og festivalar som i særleg grad bidreg til å nå kulturpolitiske mål som kan søkje. 

For å sikre dei største mottakarane av tilskot ei meir føreseieleg ordning, inviterast dei til å søkje i samband med planleggjing av fylkeskommunesbudsjettet.

Fristen er 1. august 2023. Folkedans - Klikk for stort bildeFolkedans Cathrine Dokken

Forankring i kulturstrategien

Kulturstrategi for Innlandet skildrar vedtekne planar for utvikling av kunst- og kulturlivet i fylket. Innlandet fylkeskommune ynskjer å bidra til styrking og vidareutvikling av kulturefeltet sine ulike institusjonar og organisasjonar.

Kulturinstitusjonar og kulturarrangørar med eit tydelig regionalt - helst nasjonalt - nedslagsfelt er dei som inviterast til å søkje om tilskot gjennom denne ordninga. Også frivillige organisasjonar som aukar deltaking og utviklingsmogleikar innan kunst- og kulturlivet, oppfordrast til å søkje.

Born og unge er ei viktig prioritering

Det er også ein prioritet å sikre at born og unge har god tilgang til verdifulle møteplassar, som aukar deltaking og utviklingsmogleikar innan kunst- og kulturfeltet.

Oppfordrar til å søkje tidleg

Kulturadministrasjonen i fylkeskommunen oppmodar institusjonane om å søkje så tidleg dei kan. For å sikre god hjelp er administrasjonen tilgjengeleg for spørsmål. Det er ynskjeleg at så mange som mogeleg søkjer allereie før sommaren. 

Søknadsskjema 

Kunst og kultur bruker søknadsløysinga regionalforvaltning.no, som alle må nytte for å få godkjent søknaden. Prosjektskildring CV-ar, kontraktar, avtalar, med meir kan lastast opp som vedlegg. Innsendte søknadar på andre plattformar vil ikkje verte godkjende. 

Les meir om tilskotsordninga, formål og målsetnadar. 

Gå direkte til søknadsskjemaet regionalforvaltning.no 

Vedtaket i fylkesutvalet oktober 2022 oppsummert:

Her kan du lese kva andre vedtak som vart gjort 4. oktober 2022 som omhandlar tilskotsordningar på kunst og kulturfeltet. 

  • Tilskot til utviklingsmidlar for kunst og kulturprosjekt vidareførast.
  • Tilskot til aktivitetar for born og ungdom (har søknadsfrist to gonger i året) vidarførast. 
  • Kunstnarstipend til etablerte kunstnarar, unge kunstnarar og husflid og handtverk (søknadsfrist 1. august 2023) vidareførast.
  • Tilskot til kunstnarresidensar i Innlandet vidareførast.
  • Fleireårig rammetilskot til frivillige organisasjonar på kulturfeltet (treårig) avviklast. Dei som omfattast av ordningen i dag får mogleik til å søkje denne ordninga. Eksisterande avtale går ut 2022, men anbefalast vidareført til ut 2023. 
  • Fleirårig rammetilskot til kulturfestivalar og større kulturarrangement (treårig) fasast ut. Kulturfestivalar og store kulturarrangement med nasjonal og internasjonal ambisjon inviterast til å søkje denne ordninga. Nåværende avtale med festivalene går ut i 2023.