No kan du søkje midler til kunst og kulturformål - Innlandet fylkeskommune

No kan du søkje midler til kunst og kulturformål

Innlandet fylkeskommune lyser ut midler for 2022 til kunst- og kulturlivet. Mange av søknadsfristane er i november.  

Musikk fra scene - Klikk for stort bildeMusikk fra scene Bjørn Filip Holm Er du kunstnar, jobbar du med barne- og ungdomskulturaktivitetar, driv du kunstnarresidens eller har du spanande kulturprosjekt på gang?

Arrangerer du kanskje eit idrettsarrangement? Her er det ulike moglegheiter.

Korleis kan ein søkje?

Støtteordningane til kulturlivet i Innlandet fylkeskommune dekkjer eit vidt område.

For å få svar på kven som kan søkje og korleis ein kan søkje, må du gå inn på kvar enkelt støtteordning.

Kontaktpersonar og spørsmål

Dei forskjellige støtteordningane har ulike kriterier. Har du som søkjar spørsmål til ordningane, skal det stå kven som er kontaktpersonar nedst på informasjonssida.

Ny ordning

Nytt i år er at Innlandet fylkeskommune skal stimulere til internasjonale kulturprosjekt- og samarbeid. Dette betyr i praksis at den som syslar med tanken om å prøve internasjonale samarbeid, har sjansen til å teste det ut før ein kastar seg i det på ordentlig.

Denne ordninga heiter Stimuleringsmidler til internasjonalt kulturarbeid i Innlandet. 

Til toppen