No kan du søkje folkedansstipend

Stipendet skal stimulere til rekruttering innan folkedansen i Innlandet. Søknadsfristen er 1. april 2022.

Hilmestemnet - Klikk for stort bildeHilmestemnet Cathrine Dokken Det er ein ambisjon at kunnskap om folkedansen skal spreiast. Det er ynskjeleg at fleire skal få sjansen til å lære og kunne spesialisere seg i folkedansen.

Derfor lyser fylkeskommunen ut stipend, denne eine gongen, til enkeltaktørar. 

Lenkje til søknadsskjema

To enkeltstipend på 50 000 kroner kvar

Fylkestinget vedtok i desember 2021, med saksnavn "Forprosjekt folkedans - satsing på dans i Innlandet", ei stimulering til folkedansen på til saman 1.7 millionar kroner. 

I denne omgang vert 100 000 kroner fordelt på to stipend. Det vil i tillegg lysast ut eit arbeidsstipend til etablerte folkedansarar på 200 000 kroner med frist 1. august 2022. Informasjon om dette kjem seinare. 

Kvifor satse på folkedansen? 

Folkedansstipenda skal stimulere til rekruttering innan folkedansen i Innlandet. Føremålet er å auke bærekrafta i feltet, at folkedansen skal ta den nødvendige plassen i lokalmiljøet, i utdanningsløpet og i kunstfeltet.

Målet er å sikre stabil og langsiktig vidareføring av feltet. Vidare er det eit mål å auke tal arenaer og sosiale møteplassar. I tillegg ynskjer ein å stimulere til meir scenisk dans med røter i folkedansen.  

Den stadsnære tradisjonen, som musikk og dans representerar, er ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Song og dans, tradisjonar, språk og kunnskap er nedfelt i UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven. 

Kvalifikasjonar for å søkje

  • Du må være utøvar innan folkedansfeltet, og jobbe med produksjon av forestilling der folkedans er ein viktig del av forestillinga. 
  • Du må være ein utøvar som ynskjer å vidareutvikle din kompetanse med tanke på rekruttering og kursverksemd innan folkedans. 
  • Du må være folkeregistrert og busett i Innlandet.  
  • Du må ha kunstfagleg utdanning eller betydeleg realkompetanse.

Vurdering av søknadane

Søknadane vert vurdert ut frå kunstnarleg aktivitet og kvalitet og på stipendsøkjaren sin plan for bruk av stipendet. Handsaminga vert gjort av ein rådgjevande stipendkomité som består av fagpersonar med relevant kompetanse. 

Til toppen