"Kunsten å lære" søkjer samarbeidsskular - Innlandet fylkeskommune

"Kunsten å lære" søkjer samarbeidsskular

Vil du være med å skape framtidas læringsformer? Då må du melde din interesse seinast 22. februar 2021.

Barn ved Fåvang skole tegner med sansene - Klikk for stort bildeBarn ved Fåvang skole tegner med sansene Ann Elisabeth Grøtli Innlandet fylkeskommune og Høgskulen i Innlandet samarbeider om skuleutviklings- og forskingsprosjektet Kunsten å lære (KÅL). Forskinga blir gjennomført i 1. og 2. trinn i grunnskulen og går over skuleåra 2021/2022 og 2022/2023. KÅL søkjer etter ein eller to kommunar som ønskjer å delta med sin/sine grunnskular. Lillehammer og Øyer kommunar skal delta og prosjektet ser spesifikt etter kommunar som ligg i andre regionar i Innlandet.  

- Ved å delta i prosjektet får ein utvide og utvikle kompetansen i kreative læringsprosessar der elevane er fysisk, psykisk, sosialt og intellektuelt aktive. Ein får vere med på å teste ut nye måtar å jobbe med fagfornyelsen, der kunst er metoden, seier prosjektleiar for KÅL i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt. 

Skulane vi søkjer etter:

  • Vil arbeide med kompetanseheving som kan bidra til meir kreativ, praktisk retta og variert undervisning  
  • Ynskjer verktøy til implementering av Fagfornyelsen: tverrfaglege tema og djubdelæring  
  • Vil styrke elevane sin trivsel og auke motivasjonen for læring  
  • Vil at elevane skal få meir kunst og kultur integrert i undervisninga 
  • Vil vera med i forskings- og skuleutviklingsfront, som del av internasjonalt stort forskingsprosjekt 
  • Har ein skuleleiar som har tru på prosjektet og engasjerer seg
  • Kommunane vert inviterte til å delta med to skuler + ein kontrollskule kvar til prosjektet.  

Målsetjinga til prosjektet 

Prosjektet har som målsetting å utvikle nye læringsformer og skape ny forskning gjennom å undersøkje om eit to år langt, mangfoldig, kunstbasert læringsopplegg i skulen kan ha positiv effekt på borna si utvikling av dei eksekutive funksjonene (EF).  Dei eksekutive funksjonane består av fleire element som verkar saman:

  • Logisk tenkning
  • Problemløysing
  • Evna til å ta valg
  • Utøving av sjølvkontroll
  • Reagere fleksibelt til endring av behov eller i omgjevnaden

Førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, Ulrika Håkansson, er klar på kvifor dei legg stor innsats i og tek del i prosjektet.

- Vi vet at eksekutive funksjoner er svært viktig for hvordan barn tilegner og bruker kunnskap og at veldig mange barn vil dra nytte av kreative, innovative måter å lære. Prosjektet Kunsten å lære kan legge til rette for styrking av barnas kapasiteter på tross av ulikheter i en barnegruppe.

Gjennomført pilot-studie

Ein gjennomførte i 2018-2019 ein pilot, der ein stilte følgjande spørsmål, "Kan kunst være nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn?" Resultata var oppløftande på kunstfaga sine vegne og gav indikasjonar på at kunst i skulen kan ha stor positiv verknad på læring. 

Politisk behandling

Prosjektets mandat og organisering, samt fylkeskommunens egeninnsats i prosjektet, skal opp til politisk behandling i hovedutvalg for kultur den 24. februar.

Har du spørsmål eller vil melde interesse?

Ta kontakt med prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt på telefon 402 84 305 eller e-post marie.othilie.hundevadt@innlandetfylke.no seinast 22. februar 2021.

Kunsten å lære fekk tildelt 5,7 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og Erasmus+ i desember i fjor. Les heile saka her.

Fakta Kunsten å lære

  • Et samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune, Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (UK), T-Tudok (Ungarn), Kulturtanken (Nasjonal aktør for Den kulturelle skolesekken) med fleire
  • Budsjettramme på 17 millionar kroner
  • Sparebankstiftelsen bidreg med 3,3 millionar, Erasmus+ med 2,4 millionar, i tillegg til fleire aktørar
  • Undersøkjing av kva som skjer i hjernen til barn som aktivt deltek i kunst- og kulturaktivitet
  • Oppnår faglege mål på anna måte: fagfornyinga og tverrfaglege tema er innhaldet, kunst og kultur er metoden
  • Spesialdesigna program i skulen der ein kunstnar kjem og jobbar skulder ved skulder med lærarane
  • Kunsten å lære vert ein del av skulekvardagen på 1. og 2. trinn over to år
  • Forsking på eksekutive funksjonar undervegs
Til toppen