Glimt frå tusenårsfesten - Innlandet fylkeskommune

Glimt frå tusenårsfesten

Mange tok turen til Hundorp for å oppleve tusenårsfesten i heile tre dagar til ende.

Eit vikingskip vart rodd motstrøms frå Tretten til Hundorp. - Klikk for stort bildeEit vikingskip vart rodd motstrøms frå Tretten til Hundorp. Bjørn Filip Holm Tusenårsfesten pågjekk frå  29.-31. juli. Kvar av dagane hadde sitt eige tema - fortid, notid og framtid. Arrangementet sto på programmet til Hundorp2021, som er ein del av ein jubileumsstafett fram mot nasjonaljubileet på Stiklestad i 2030.

- Det var fullt på alle dei største arrangementa utandørs, og kø på dei små arrangementa innandørs. Det var nokre få unntak, men alt var godt besøkt. Marknads- og aktivitetsplassen hadde jamn straum av folk heile tida og det verka som publikum gleda seg, seier ansvarleg for fylkeskommunen sitt bidrag til Hundorp2021, Mariann Bjelle.

- Avslutninga laurdag med artisten Hkeem fekk "taket til å løfte seg", legg ho til.

Flytta scena innandørs

Vermeldinga viste myke vind og kraftig nedbør og arrangøren måtte difor ta nokre grep.Musikk frå Synne Vo og DÅM (kun DÅM avbilda her) saman med dansarar frå Vinstra vidaregåande skule og Loftet Dansestudio.  - Klikk for stort bildeMusikk frå Synne Vo og DÅM (kun DÅM avbilda her) saman med dansarar frå Vinstra vidaregåande skule og Loftet Dansestudio. Hundorp2021

- Eit og eit halvt døgn i førevegen, beslutta vi å flytte den desidert største førestillinga vi hadde i programmet, musikkoratoriet Signe frå Bjølstadmo, inn i Sør-Fron kulturhus. Det vart mykje rigging, i tillegg til det som allereie var bygd. I ettertid ser vi at det kanskje var det luraste - å få den musikkopplevinga innandørs på stolar i mørket. Musikken fekk fokus og solistane Anders Baasmo og Rebekka Christiansen strålte, fortel Bjelle.

Løfta Hundorp2021 til nasjonalt nivå

Tusenårsjubileet vart arrangert av Sør-Fron kommune og Innlandet fylkeskommune, i tillegg til mange gode samarbeidsaktørar lokalt, regionalt og nasjonalt.

- For Innlandet fylkeskommune har det vore viktig som medarrangør å sikre og løfte Hundorp 2021 til eit nasjonalt nivå. Dette er eit arbeid vi har vore svært deltaktig i, samen medMange tok turen for å delta under tusenårsfesten på Hundorp. - Klikk for stort bildeMange tok turen for å delta under tusenårsfesten på Hundorp. Hundorp2021  nasjonaljubileet "Norge i tusen år". Dette arbeidet skal vi fortsette med. Neste jubileum er Våler i 2022, avsluttar Bjelle.

Sjå fleire artiklar her:

Relevante nettsider:

Til toppen