Klimakonferansen Innlandet - Innlandet fylkeskommune

Klimakonferansen Innlandet

Klimakonferansen Innlandet blei arrangert 26. mai 2021. Her kan du sjå opptaka frå konferansen.

Konferansen var open for alle, og klimaforskarar svarte på spørsmåla som var sendt inn på førehand.

Sjå opptaka

Modul 1 – kl. 09:00–10:00

Klimaendringar, havstraumar og modellering (regresjonsanalyse)

Modul 2 – kl. 10:30–11:30

Internasjonal klimapolitikk med fokus på Parisavtala

Modul 3 – kl. 12:30–13:30

Klimafotavtrykk og framtidas transportmiddel

Samarbeid

Illustrasjonsbilde Klimakonferanse - Klikk for stort bildeKonferansen føregjekk digitalt med Norges leiande institutt for tverrfagleg klimaforsking (CICERO).

Klimalab samarbeidde med Nord-Gudbrandsdal vidaregånde skule om å arrangere Klimakonferanse Innlandet. Konferansen hadde som mål å sette klima, energi og bærekraft på dagsorden.

I tillegg var det eit mål å bygge bruer mellom elevar og lærarar i vidaregåande skule og det ypperste laget av klimaforskarar.

Her fekk ein innsikt i relevante problemstillingar knytta direkte til læringsmål i naturfag, matematikk, geografi, engelsk og samfunnsfag.

Tema i fagfornyelsen

Bærekraftig utvikling er eit tverrliggande tema i fagfornyelsen. Difor er dette relevant i alle fag.

Elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule satt i eit elevpanel som stilte spørsmål direkte til forskarar frå CICERO.

Alle vidaregåande skular i fylket fekk tilbod om å bli med i konferansen og får tilgang til video av modulane på læringsplattformer i Innlandet fylkeskommune. 

Til toppen