Har du spørsmål til ein klimaforskar? - Innlandet fylkeskommune

Har du spørsmål til ein klimaforskar?

Du kan du få svar under Klimakonferanse Innlandet 26. mai 2021.

Illustrasjonsbilde Klimakonferanse - Klikk for stort bildeKonferansen føregår digitalt med Norges leiande institutt for tverrfagleg klimaforsking (CICERO).

Klimalab samarbeider med Nord-Gudbrandsdal vidaregånde skule om å arrangere Klimakonferanse Innlandet. Konferansen har som mål å sette klima, energi og bærekraft på dagsorden.

I tillegg er det eit mål å bygge bruer mellom kunnskap blant elevar og lærarar i vidaregåande skule og det ypperste laget av klimaforskarar. Her kan ein få innsikt i relevante problemstillingar knytta direkte til læringsmål i naturfag, matematikk, geografi, engelsk og samfunnsfag.

Tema i fagfornyelsen

Bærekraftig utvikling er eit tverrliggande tema i fagfornyelsen. Difor er dette relevant i alle fag. Elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er i elevpanel som skal få stille spørsmål direkte til forskarar frå CICERO.

DU kan få vere med å forberede spørsmål til elevpanelet. Video av kvar modul blir delt på læringsplattformer i Innlandet. Stream av arrangement.  

Alle vidaregåande skular i fylket får tilbod om å bli med i konferansen eller få tilgang til video av modulane på læringsplattformer i Innlandet fylkeskommune. Klimakonferanse Innlandet blir opna av fylkesordførar Even Aleksander Hagen.

Program i tre modular

Programmet er delt i tre modular der kvar modul varer i cirka 60 minutt.

Modul 1 – kl. 09:00–10:00
Klimaendringar, havstraumar og modellering (Regresjonsanalyse)

Modul 2 – kl. 10:30–11:30
Internasjonal klimapolitikk med fokus på Parisavtala

Modul 3 – kl. 12:30–13:30
Klimafotavtrykk og framtida sitt transportmiddel

Det er lagt opp til digital presentasjon av ein forskar til kvar modul.

Alle kan delta

Alle kan bli med digitalt den 26. mai (lenke kjem i midten av mai).

Send inn spørsmål

Dersom du har spørsmål til klimaforskarane, er det fint om desse bir levert inn på førehand seinast 15. mai.

Elevpanelet stiller desse spørsmåla direkte til klimaforskarane (per modul) under den digitale sendinga.

Send inn ditt spørsmål her

Til toppen