Lom folkebibliotek blir nynorsk pilotbibliotek - Innlandet fylkeskommune

Lom folkebibliotek blir nynorsk pilotbibliotek

Biblioteket i Lom skal styrke kunnskapen om nynorskformidling i heile Innlandet.

Biblioteksjef Rita Mundal og barne- og ungdomsbibliotekar Merete Byrøygard på Lom folkebibliotek - Klikk for stort bildeBiblioteksjef Rita Mundal og barne- og ungdomsbibliotekar Merete Byrøygard på Lom folkebibliotek Lom folkebibliotek Nynorske pilotbibliotek er ei satsing frå Nynorsk kultursentrum som skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg. I desse områda ser barn og vaksne nynorskbrukarar oftare bokmål enn nynorsk.  

Innlandet var eit av fylka der biblioteka kunne søke om å få vere med i ordninga. I konkurranse med fem andre bibliotek, blei Lom folkebibliotek valt ut frå Innlandet. Biblioteket skal vere ein ressurs på nynorsk for eigne innbyggarar, men også for bibliotek og folk i heile fylket.  

Skal styrke den nynorske sjølvtilliten 

– Vi fekk inn gode søknadar, og det var vanskeleg å velje. Vi gler oss over at så mange bibliotek er engasjerte i formidling av nynorsk kultur og litteratur. Vi har lagt vekt på å velje bibliotek som har levert sterke søknadar, som er motiverte, og som ser ut til å ha kapasitet til å delta i aktivitetane det er lagt opp til. Desse omsyna har vi vege mot eit ønske om å ha med både bygder og byar, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum. 

Eit av måla med satsinga er å gjere nynorsk meir synleg for barn og vaksne i nedslagsfelta til dei utvalde biblioteka. 

– Nynorsk kultursentrum vil vere med på å styrke den nynorske sjølvtilliten i områda saman med lokale folkebibliotek og skulebibliotek. Saman kan vi fremje nynorsken og det språklege mangfaldet i landet vårt, seier Slenes. 

Fleire arrangement og formidling på biblioteket 

Som nynorsk pilotbibliotek vil Lom kvart år få tilbod om tre arrangement, to utstillingar, foredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar. Saman med biblioteka vil Nynorsk kultursentrum lage eit brukarpanel for å få tilbakemeldingar og idear til utstillingar og arrangement. 

Tekst: Silje Grøtan Torp, rådgiver ved Innlandet fylkesbibliotek.

Til toppen