Døme på kva du bør ha heime i tilfelle det oppstår ei krise.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Planen skal bidra til ei tydeleggjering og vidareutvikling av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Innlandet.
Målet er å sikre Innlandet i ei framtid der vi opplev eit skiftande trusselbilete, klimaendringar og stor mobilitet i befolkninga.
Konkrete tiltak
Planforslaget inneheld også forslag til tiltak på kort og lang sikt.
Fylkeskommunedirektøren håper at høyringa vil bidra til å vidareutvikle planen og få på plass konkrete tiltak og prosjekt for samhandling på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
Det er eit særleg ønske å få innspel på korleis omverda meiner planforslaget tek tak i dei utfordringane vi har i Innlandet og kva som eventuelt manglar eller bør styrkast.
Høyringsseminar
Saman med Regional plan for klima, energi og miljø, vil fylkeskommunen arrangere to høyringsseminar i januar: eit fysisk på Lillehammer 26. januar og eit digitalt 31. januar.
Regional plan for samfunnstryggleik erstattar gjeldande planar for samfunnstryggleik i tidlegare Hedmark og Oppland.
Politisk handsaming
Truls Gihlemoen (FrP) fremma eit forslag om å ta ut tre avsnitt i planen om korleis vi skal praktisere jordvernet i innlandet.
- Dette er å overstyre kommunane, sa han og la til at dette er i tatt vare på i dei statlege føringane.
Olav Røssum argumenterte med at dette er viktig å ha med i ein slik plan.
- Av omsynet til beredskapen, er det viktig at vi klarer å halde produksjonen av mat ved lag, sa han.
Forslaget til FrP fekk tre stemmer og blei ikkje vedtatt.
Resten av innstillinga blei einstemmig vedtatt.
Les sakspapira PS 139/2022