Støtte til bedriftsintern opplæring - Innlandet fylkeskommune

Støtte til bedriftsintern opplæring

Fylkeskommunen vil prioritere bedrifter som har problem på grunn av tiltaka mot korona. Søknadsfristen er 23. april.

Fylkesordfører Even Aleksander Hagen. - Klikk for stort bildeFylkesordfører Even Aleksander Hagen. Innlandet fylkeskommune

Ordninga med støtte til bedriftsintern opplæring (BIO) låg tidlegare hos NAV, men vart overført til fylkeskommunen frå nyttår. Staten har nå tilført meir pengar, som ein del av krisepakkene i samband med "koronakrisa". Innlandet fylkeskommune disponerer nå cirka 7 millioner kroner til fordeling blant bedriftene. I tillegg kan det kome meir pengar i samband med den siste krisepakka frå regjeringa.

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) er godt nøgd med at fylkeskommunen har fått meir pengar til dette tiltaket. 

- Vi har jobba målretta opp mot Stortinget for å auke potten til bedriftsintern opplæring, og er veldig glad for at vi har fått gjennomslag. Denne ordninga var tidleg tema i trepartssamarbeidet, og LO har vore særleg tydelege på at NAV òg må opne for at permitterte skal kunne delta i bedriftsintern opplæring utan å mista retten til dagpengar. No er vi fornøgd med at staten har lytta til innspela våre, og vi skal jobba for at midla kan setjast raskt i omløp. Det er eit viktig grep som kan bidra til at fleire har ein jobb etter krisa, seier fylkesordføraren.

Prioriteringar og moglege tiltak

Føremålet med ordninga er å styrke bedriftene si evne til å konkurrere i marknaden, gjennom å gi tilsette meir kunnskap. No som mange bedrifter slit med at marknaden er heilt borte, blir det også eit svært viktig mål med ordninga å sikre at flest mogleg kan halde på jobben sin. Bedriftene kan søke om støtte til å gjennomføre relevante opplæringstiltak som gjer at dei tilsette - og dermed bedrifta - vil bli betre rusta til å møte kvardagen og eventuell omstilling etter krisa.

Bedrifter som har lærlingar vil bli prioriterte. Tilskotet vil gå til å dekke løns- og opplæringskostnader for tilsette, delvis permitterte og lærlingar. Førebels er ikkje dei som er heilt permitterte omfatta av ordninga, men det blir arbeidd med ei endring i regelverket for dagpengar slik at dette blir mogleg.

Søknader

Alle søknader må sendast via søkeportalen regionalforvaltning.no. Der finn ein også dei fullstendige kriteria for ordninga. Søknadsfristen er 23. april 2020.

Til toppen