Programmet for Hundorp 2021 er lansert - Innlandet fylkeskommune

Programmet for Hundorp 2021 er lansert

Hundorp 2021 er starten på ei tiårig reise med «Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år», som endar på Stiklestad i 2030.

Fylkesordfører Even Aleksander Hagen og biskop Herborg Finnset av Nidaros i vikingskip opp Laugen. - Klikk for stort bildeFylkesordfører Even Aleksander Hagen og biskop Herborg Finnset av Nidaros i vikingskip opp Laugen. H. Finnset Laurdag vart programmet for tusenårsjubileet Hundorp 2021 lagt fram for publikum på Dale-Gudbrand gard. Her er det innhald som vil skape nasjonal merksemd og interesse. På nettsidene vil det kome fleire detaljar til programmet utover hausten og våren.

Her kan de sjå video av sjølve programlanseringen for Hundorp 2021.

Tusenårsstad med mykje historie

Hundorp er ein stad med uendelege mange møter, hendingar, kjensler og skjebnar. Ein møteplass gjennom fleire tusen år. Dale-Gudbrand gard og Hundorp vart derfor valt som tusenårsstad i 1999 og skal no vere utgangspunkt for Innlandet fylke si jubileumssatsing i 2021.

Vikingskip motstraums opp Laugen

Laurdag la prosjektgruppa fram planane for jubileet under rammene av den tradisjonsrike Vikingdagen på Hundorp. Første prosjekttiltak i anledning jubileet var å teste ut om ein kan ro motstraums opp Laugen i vikingskip, og laurdag beviste prosjektgruppa at ja, det er mogleg.

I medvind rasa båten oppover Laugen med fylkesordfører Even Aleksander Hagen i mannskapet. Saman med han var Biskop Herborg Finnset av Nidaros, for å markere at Hundorp 2021 er ein del av «Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år». Som ein av fleire jubileumsstader skal Hundorp 2021 inngå i eit tiårig nasjonaljubileum. Mange jubileumsstader i heile landet skal gjennom desse ti åra markere si tilknyting til Olavsarven.Vikingskip i ferd motstraums opp Laugen. - Klikk for stort bildeVikingskip i ferd motstraums opp Laugen. H. Finnset

Klubbeslaget er arven etter heilage Olav på Hundorp

Frå Hundorp fortel Snorre om ein stor konfrontasjon mellom Olav Haraldsson og høvdingen Dale-Gudbrand i 1021. Gudbrand var ikkje kristen og under møtet knuste ein av Olav sine menn den store norrøne gudestatuen til høvdingen. Dette vart gjort med ei klubbe og ut av statuen krydde all verdas kryp ut. Dette såkalla klubbeslaget på Hundorp vert regna som ein av dei viktigaste hendingane i den norske kristninghistoria. I 2021 er det tusen år sidan klubbeslaget og det skal markerast med eit storslått jubileum.

Innlandet fylkeksommune er medarrangør av Hundorp 2021 og ein kan følgje med på facebooksidene og nettsidene til jubileet for meir informasjon utover hausten.

Slik blir tusenårsfeiringa

Les meir om georadar-scanning, som er ein del av programmet

Til toppen