«Kunsten å lære» får 5,7 millioner - Innlandet fylkeskommune

«Kunsten å lære» får 5,7 millioner

Det vart full pott frå både Sparebankstiftelsen DNB og EU Erasmus+ til prosjektet «Kunsten å lære».

Fornøgd prosjektgruppe: F.v. Mariann Bjelle, Marie Othilie Hundevadt og Sebastian Blomli - Klikk for stort bildeFornøgd prosjektgruppe: F.v. Mariann Bjelle, Marie Othilie Hundevadt og Sebastian Blomli IFK Begge støttegivarar hadde sine behandlingsmøter no i desember.

– Dette var gode nyhende å ta med seg inn i jula, seier prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt.

Ho og resten av prosjektgruppa i Innlandet fylkeskommune, har stått hardt på i haust for å sende inn søknadar. Nå kan ein setja i gang med prosjektet for fullt frå januar.

Nye undervisningsformer

Kjerstin Lundgård, leiar av utvalg for kultur er også svært nøgd.

– Dette er eit veldig spanande prosjekt, som eg gler meg til å følgje arbeidet til vidare. Dette prosjektet er med på å løfte fokuset og betydningen av kultur i undervisninga. Kanskje denne forskinga vil vise mogleiken til å ta i bruk undervisningsformer som fleire kan dra nytte av, trur Lundgård.

Kunst gir betre læring

"Kunsten å lære" gjennomførte ein pilot i 2018–2019 (PDF, 3 MB), der ein stilte følgjande spørsmål, «Kan kunst være nøkkelen for utvikling av eksekutive funksjoner hos barn»?

Resultata var oppløftande på kunstfaga sine vegne og gav indikasjonar på at kunst i skulen, kan ha stor positiv verknad på læring.

Med erfaring frå piloten og dei gode samarbeidsrelasjonane som vart skapa, vil Innlandet fylkeskommune gå vidare med forskinga i eit større og grundigare prosjekt.

I tillegg til dei økonomiske bidragsytarane, er Høgskulen i Innlandet, fleire kommunar i fylket og deira skular, og Den kulturelle skulsekken v/Kulturtanken med i samarbeidet på noverande tidspunkt. Fleire kan kome til etter kvart.

Innlandet fylkeskommune har leiinga i EU-prosjektet

Med støtte frå Erasmus+ skal ein samarbeide med den ungarske organisasjonen T-Tudok, som gjennomfører eit identisk forskingsprosjekt på skular i sitt land.

Vidare er britiske CCE (Creativity, Culture and Education) med. Dei utviklar forskingsdesignet og har lang erfaring frå kunstfaglege prosjekt i skulen.

Internasjonal rådgjevar i Innlandet fylkeskommune, Sebastian Blomli, seier at det er spesielt spanande at Innlandet fylkeskommune har leia dette prosjektet.

– Dette gjev oss verdifull internasjonal erfaring, synlegheit nasjonalt og internasjonalt og bidreg til god forankring av prosjektet i Innlandet, seier Blomli.

Kunst i skulen har positive effektar på hjernen

«Kunsten å lære» har som målsetnad å vise om kunst i skulen og læringsopplegg med kunstnarleg arbeid, kan ha positiv effekt på utvikling av dei eksekutive funksjonane hjå born og unge.

Våre eksekutive funksjonar ligg i hjernen og hjelp oss å regulere oss sjølv. Dei er essensielle for læring og avgjerande for å fungere godt i livet.

Unik forsking

Barn ved Fåvang skole tegner med sansene. - Klikk for stort bildeBarn ved Fåvang skole tegner med sansene. Ann Elisabeth Grøtli Det finnast lita av forsking som knyter kunst i skulen saman med eksekutive funksjonar i Norge.

– Det er difor veldig viktig og interessant på eit høgt nivå, at ein her i Innlandet tek føring og sikrar god informasjon og data på området, seier Hundevadt.

Høgskulen i Innlandet og institutt for psykologi skal ha ansvar for forskingsdelen av prosjektet, slik dei også var under piloten i 2018.

Hypotesen er at borna som tek del i «Kunsten å lære», vil utvikle sine eksekutive funksjonar i større grad enn borna som ikkje tek del i det kunstfaglige opplegget.

Om det stemmer, gjenstår å sjå. Midlar til prosjektet gjer det no mogeleg å finne svar på denne tesen.

Les meir om prosjektet:

Til toppen